Link til hovedinnhold
Link til hovedmeny
English
Aktuelt
Pasient
Fag
Jobb
Media
Om oss
Haukeland universitetssjukehus - Helse Bergen
/
Om oss
/
Avdelingar
/
Innkjøpsseksjonen
/
Etikk
Etikk
Anskaffelser
e-faktura og kreditnota
Etikk
Etiske retningsliner for leverandørane våre:
God etikk er å vere lojal mot dei innkjøpsrutinar, reglar og ordningar som gjeld for Helse Bergen HF.
God etikk er å gi fullstendig og korrekt informasjon i innkjøpsprosessen.
God etikk er å forvalte Helse Bergen HF og leverandøren sine ressursar på ein best mogeleg måte.
God etikk er å behandle kommersiell marknadsinformasjon på ein slik måte:
At framtidig konkurranse blir ivaretatt
At avtaleprisar held fram med å vere konfidensielle
At Helse Bergen HF sitt val av produkt og avtaleleverandør blir respektert av alle marknadsaktørar.
At åtferd som viser at ein ønskjer å be Helse Bergen HF om informasjon vedrørande konkurrentane sine avtaleprisar blir oppfatta som uakseptabel og bryt med Lov om offentlege anskaffelser.
Leverandørane skal ikkje tilby nokon former for økonomiske fordelar som kan skade framtidig konkurranse eller skade sjukehuset slik at det etiske ryktet blir svekka. Økonomiske fordelar blir skildra her som: Gåver, tilbod om reiser eller ulike former for sponsing.
Skriftlege invitasjonar frå leverandørar til Helse Bergen HF skal alltid sendast til postmottak, adressert til administrande direktør. Det er direktøren sitt ansvar å gi aksept for reiser og kurs betalt av våre leverandar. Aksept kan berre bli gitt dersom følgjande kriterium er oppfylt:
Invitasjonen er fagleg relevant og ville normalt blitt prioritert innanfor ordinære budsjett.
Invitasjonen skal ikkje medføre bindingar eller inhabilitetsproblem for personar eller avdeling som blir invitert.
Invitasjonen må ikkje oppfattast av andre som konkurransevridande eller som forskjellsbehandling.
Invitasjonen er ein del av eit skriftleg tilbod eller ei delyting av inngått innkjøpsavtale.
Invitasjonen må ikkje vere kopla mot pågåande eller framtidige innkjøp.
Alle førespurnader frå Helse Bergen HF som blir meldt leverandøren vedrørande økonomisk støtte skal vere skriftlege.
God etikk er å ikkje blande personlege og faglege interesser m.o.t. innkjøp.
Interressekonflikter skal ikke forekomme. Her inngår forhold som omhandler at leverandøren har private eller familiere interresser som kan påvirke anskaffelsen.
Publisert 11.06.2010 13:40 | Endret 29.10.2012 11:04
Handlar om
The context topic could not be retrieved in the time allowed
TIPS EN VENN
TILBAKEMELDING
SKRIV UT
DEL PÅ FACEBOOK
DEL PÅ DELICIOUS
Kontakt
|
Nettstedskart
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 |
Postmottak
|
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen |
Kommunikasjonsavdelinga
Din e-postadresse:
Mottakers e-postadresse
Avbryt
Din e-postadresse:
Din melding:
Avbryt