Innkjøpsseksjonen i Helse Bergen har ein visjon om å få mest mogeleg helse ut av kvar krone gjennom ein rasjonell, effektiv og økonomisk innkjøpsprosess.
For å oppnå dette, arbeider ei gruppe på femten personar dagleg med innkjøpsprosessane i Helse Bergen. Dette blir gjort i samarbeid med både dei andre helseføretaka i Helse Vest og
Helseforetakenes Innkjøpsservice, HINAS.
|
Innkjøpsavdelinga er lokalisert i Jørgen Sandbergshus (tidlegare Administrasjonsbygget)
|
Helse Bergen har etablert styringsmål for full avtaledekning og innkjøpsseksjonen jobbar dagleg med tiltak for å oppnå dette.
I samarbeid med dei ulike avdelingane blir det bestemt når ulike område skal lysast ut på anbod. I Helse Bergen har vi sterkt fokus på å involvere sluttbrukaren i arbeidet. Helse Bergen stiller krav til leverandørar i høve til etisk handel, miljøpolitikk, logistikk og bruk av e-faktura.
Innkjøpsseksjonen er ein av fire seksjonar i
Økonomi- og finansavdelinga.