Utskriving 

 
Kva skjer etter at eg er skriven ut frå Avdeling for gastro- og akuttkirurgi? 
 
Etter at ein er skriven vil ein i mange tilfelle få timeavtale til poliklinisk oppfølging på vår poliklinikk.

Svar på nokre prøvar blir gitt poliklinisk
Mange pasientar er friske nok til å reise heim etter fullført behandling før vi har svart på alle undersøkingane som er sett i gang. Ofte manglar svar på detaljerte undersøkingar av vevsprøver som vart tatt under operasjonen når pasientane blir skrivne ut frå avdelinga. Desse svara tar det gjerne eit par veker å få svar på.
Vi ordnar det då slik at desse pasientane får konsultasjonstime for samtale med ein av legane våre på poliklinikken så snart svaret ligg føre. Pasientane vil då bli nærare orientert om kva som er funne, og dei får råd om kva dei vidare skal gjere.

Etterkontroll
Ein grunn til at det er etterkontrollar ved Gastrokirurgisk poliklinikk er at vi ønskjer å ha oversikt over korleis behandlinga som pasientar har fått under opphaldet på avdelinga har verka.
Spesielt vil vi gjerne vite om det er noko som ikkje er som det bør vere, og om det er behov for supplerande behandling.
For visse sjukdomsgrupper har vi organisert bestemte opplegg for når og kva slags undersøkingar vi ønskjer gjennomført etter utskrifta frå sjukehus. Dette gjeld særleg for dei pasientane som er operert for kreftsvulst, men ikkje utelukkande for dei.

Publisert 15.09.2010 13:37 | Endret 15.09.2010 13:48 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo