Seksjonsleiar Revmatologisk avdeling og Terapibassenget:
Britt-Elin Birkeland, (55 97 54 40 / britt-elin.birkeland@helse-bergen.no).
Bassenget@helse-bergen.no
Storleiken på gruppa
2,1 stillingar fordelt på 4 personar;
3 fysioterapeutar
1 aktivitør
Alle har badevaktkompetanse godkjent av Norsk Livredningsselskap
Arbeidsområder
Terapibassenget har tilbod til inneliggande og polikliniske pasientar i form av trening individuelt og i grupper. Fysioterapeutane som er tilsett i bassenget er fagleg ansvarlege for tilbodet, i samarbeid med fysioterapeutar frå dei kliniske avdelingane som jamnleg brukar bassenget til sine pasientar. Aktivitør og fysioterapeutar i bassenget har, i samarbeid med instruktørar og avløysarar frå kliniske avdelingar, ansvaret for tryggleiken i bassenghallen.
Terapibassenget (7 x 12,5 m) og boblebad held ein temperatur på minimum 34 grader.
Vanlegaste pasientgrupper
Terapibassenget vert i hovudsak nytta av pasientar med kronisk revmatologisk eller nevrologisk sjukdom. I tillegg kjem pasientar frå Avd. for ortopedisk rehabilitering, Barneklinikken og medisinske avdelingar når dette er aktuelt. Pasientar med andre uspesifikke muskel- og skjelettplagar, langvarige smertetilstandar og rygglidingar kan også nytte bassenget.
Arbeidsform
Aktivitør har særskilt ansvar for drifts-tekniske oppgåver:
- Tekniske installasjonar relatert til bassengdrift
- Kjemikalieregister og internkontroll
Fysioterapeutar har særskilt ansvar for behandlingstilbod og brukarar:
- Handtering av tilvisningar
- Koordinering av polikliniske grupper
- Instruksjon og rettleiing av pasientar i grupper og individuelt
- Undervisning og utarbeiding/ revisjon av retningsliner
- Elektronisk dokumentasjon av behandling
- Fakturering og statistikk
Aktivitør og fysioterapeutar har saman ansvaret for:
- Badevaktfunksjon og tryggleik i hall
- Kontroll med og justering av kvalitet på vatn i tråd med gjeldande krav
- Generelt vedlikehald av hall og garderober, og spesialisert reinhaldsarbeid
- Tilrettelegging for og rettleiing av brukarar
- Ventelister og gruppefordeling
Behandlingsmetodar
I Terapibassenget går behandlinga føre seg både individuelt og i grupper. Inneliggande pasientar kan ved behov få individuell behandling i basseng.
I tillegg har inneliggande pasientar tilbod om gruppetrening, med fysioterapeut som instruktør.
Terapibassenget har også eit poliklinisk tilbod for ulike pasientgrupper, både individuelt og i gruppe. Gruppetreninga går føre seg i regi av fysioterapeut, og tilvising frå lege er naudsynt.
Gruppetreninga er kun mogeleg for brukarar med spesifikke revmatiske eller nevrologiske diagnosar.
Det er også mogeleg å delta i eigentreningsgrupper, der brukarar betaler ei avgift som per i dag er på kr. 50,- per gong. I desse gruppene er det ingen instruksjon, men tilsette i bassenget kan bidra med råd og rettleiing om ein treng det.
Det polikliniske tilbodet i bassenget er i stor grad knytt til kliniske avdelingar på sjukehuset, og er primært ikkje eit ope tilbod. Ein skal vere vurdert av lege eller fysioterapeut før eit eventuelt behandlingstilbod i Terapibassenget.
Samarbeid
Tilsette i Terapibassenget samarbeider med fysioterapeutar, legar og pleiepersonell knytt til dei avdelingane som nyttar seg av bassenget, og fysioterapeutar i kommunehelsetenesta, fastlegar og NAV. Det er også eit tett samarbeid med Teknisk avdeling, med ekstern ekspertise på bassengdrift ved Aico AS.
Polikliniske brukarar vert oppmoda til å bruke mailadresse bassenget@helse-bergen.no dersom dei har spørsmål eller opplysingar. Bassenget har også fast telefontid 10.00-12.00 mandag til og med fredag.
For påminningar og eventuelle avlysingar vert det varsla via SMS.
Aktivitetar utover behandlingssituasjonen
Ein gong per veke er det møte mellom tilsette i bassenget og seksjonsleiar. Tilsette deltek også på internundervisning og personalmøter i Fyioterapiavdelinga. Det vert også jamnleg organisert badevaktkurs/ oppdatering i livredning, for å oppretthalde god kompetanse og tryggleik i avdelinga.
Leigetakarar på ettermiddags- og kveldstid
Terapibassenget vert leigd ut til ulike pasientforeningar og organisasjonar. Dei må sjølve sørge for instruktør og badevakt.
For meir informasjon om leige av Terapibassenget, kontakt seksjonsleiar Britt-Elin Birkeland.
Per i dag er desse leigetakarar:
- Autismeforeningen i Norge
- Bergen Bekhterevforening
- Bergen Revmatikerforening
- CP-foreningen
- Foreningen for kroniske smertepasientar avd. Bergen og omegn
- LKB Hordaland
Andre varmtvatnsbasseng i Bergen og omegn
Terapibassenget på Haukeland universitetssjukehus er ikkje det einaste varmtvatnsbassenget i bergensområdet.
Andre basseng som også har ein temperatur på minimum 32 grader i vatnet:
Vannkanten: 55507799, www.vannkanten.no
Osbadet: 56576120, www.osbadet.no
Askøy terapibad: 56152710, www.askoyhallene.no
Straume terspibasseng: www.fjell.kommune.no
Stemmemyrshallen: 55950170
Slåtthaughallen: 55134780
Landåshallen: 55577900
Trening i dei tre sistnevnte bassenga skjer i regi av
Bergen Helsesportslag, Tlf. 55291424
For meir utfyllande informasjon om fasilitetar og prisar, kontakt bassenga direkte.
Revidert av
Liv Marit Mørkve Holst og Britt-Elin Birkeland
mars 2013
Publisert
15.06.2010 20:37 |
Endret
25.03.2013 15:09