Studentar 

 
 

Informasjon om studentarbeid

Fysioterapiavdelinga legg til rette praksis for fysioterapeutstudentar frå Høgskulen i Bergen, i tillegg til frå fysioterapeututdanningar i utlandet.

Per i dag tar vi kvart år i mot rundt 25 tredjeårs fysioterapeutstudentar i praksis frå Fysioterapeututdanninga i Bergen, i ein praksisperiode på 10 veker. Studentane er knytta til ei eining ved Fysioterapiavdelinga i praksisperioden, og dei får tett oppfølging av sin eigen praksisrettleiar.

I praksisperioden får studentane tilbod om å vere med på ein del fellesarrangement som bassengtrening, hjartetrening og som følgjevakt på ei kveldsvakt. I tillegg får dei høve til å hospitere saman med medstudent på to ulike einingar ved Fysioterapiavdelinga.

Før, under og etter praksisperioden er det møte mellom Avdelingssjefen på Fysioterapiavdelinga og praksisrettleiarane, og rettleiarane har tilbod om rettleiing på eigen rettleiing i løp av praksisperioden.

Ved Fysioterapiavdelinga tar vi også i mot førsteårs fysioterapeutstudentar i ein todagars følgjepraksis i  haustsemesteret. Vi samarbeidar i tillegg med Fysioterapeututdanninga om avsluttande klinisk eksamen, både ved at vi er eksamensstad og ved at fleire av avdelinga sine fysioterapeutar deltar som sensorar. Vi samarbeidar også i forhald til fordjupingsoppgåvene som studentane skriv i sitt tredje studieår, og fleire av avdelinga sine fysioterapeutar deltar som førelesarar i undervisning på utdanninga.

Det er jamlege samarbeidsmøte mellom staben ved Fysioterapiavdelinga og instituttleiar og lærarar ved Institutt for fysioterapi, Høgskulen i Bergen, og vi har ei eiga Særavtale som regulerer praksis.

Fysioterapiavdelinga er representert i Utdanningsrådet, og representanten deltek aktivt i samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Bergen, Fysioterapiavdelinga her og Haraldsplass Diakonale Sjukehus.
Årleg mottek vi enkelte norske fysioterapeutstudentar i praksis frå ulike fysioterapeututdanningar i utlandet. Gjennom dette samarbeidet får vi innblikk i oppbygging og innhald i utdanninga i andre land, og vi har etablert eit godt samarbeid med fleire av utdanningane.


Publisert 02.06.2010 23:48 | Endret 02.04.2012 12:46 

 Relaterte lenkjer

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo