Om oss 

 
Avdelinga sine viktigaste oppgåver er undersøking og behandling av pasientar, informasjon til pårørande, forsking og fagutvikling og undervisning og rettleiing av studentar og samarbeidspartnarar i og utanfor sjukehuset.
 
  illustrasjonsfoto
Fysioterapeutane har nært samarbeid med legar, pleiarar og anna personale på sjukehuset. I samband med utskriving av pasientar samarbeider fysioterapeutane med helsepersonell utanfor sjukehuset.
Som utdanningsinstansar for fysioterapeutar er Høgskulen i Bergen og Universitetet i Bergen viktige samarbeidspartnarar for Fysioterapiavdelinga.

Pasientbehandling
Fysioterapiavdelinga behandlar primært innlagde pasientar, men har også mykje poliklinisk verksemd på område der spesialkunnskap er nødvendig. Pasientane blir behandla både individuelt og i grupper.
Behandlinga går føre seg i treningssal, i terapibassenget eller på pasienten sitt rom. Nokre pasientar møter fysioterapeut éin eller få gonger, mens andre pasientar får fysioterapi over lang tid. Pasienten sitt problem avgjer kva for tiltak som blir brukt, og pasienten blir gjort mest muleg delaktig i behandlinga.

Administrasjon
Avdelingssjefen har det overordna faglege og administrative ansvaret for Fysioterapiavdelinga.
To assisterande avdelingssjefar har kvar sine hovudoppgåver: a) HMS-arbeid, implementering av IA og areal. b) kompetanseutvikling, hospitantar og informasjonssystem.

Forskings- og fagutviklingsleiar initierer og rettleier i prosjektarbeid og anna fagleg utviklingsarbeid ved Fysioterapiavdelinga.
Studiekoordinator er ansvarleg for verksemda som er knytt til rettleiing av studentar på grunnutdanninga innan fysioterapi.

Publisert 12.05.2010 14:48 | Endret 19.04.2013 10:10 

 Relaterte lenker

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo