Forskingsavdelinga held til i dette bygget på Sandviken |
Forskingsavdelinga er organisert under
Psykiatrisk divisjon.
Avdelinga held til på
Sandviken sjukehus, men strekkjer seg som organisasjon mot å organisere prosjekt utanom dei regionale nettverka og kompetansesentra.
Psykiatrar, psykologar, forskingssjukepleiarar og andre er tilsette i faste stillingar i avdelinga.
Målet er å bidra til at forsking blir ein naturleg og integrert del av drifta i heile Psykiatrisk divisjon. Dette gir eit fagleg fokus på utvikling og kvalitet, som over tid kjem heile verksemda til gode, ikkje minst kvaliteten i pasientbehandlinga.
Samtidig må vi vidareutvikle det eksisterande miljøet, slik at vi kan halde fram med å samarbeide med leiande forskargrupper både lokalt i Bergen, nasjonalt og internasjonalt.