Rådgivingssenteret for mor og barn 

Rådgivingssenteret for mor og barn består av Ammepoliklinikken, Barselpoliklinikken og Samtalepoliklinikken.



Ammepoliklinikken

På Ammepoliklinikken arbeider det jordmødrer og barnepleiarar med spesialkompetanse på amming.

Telefon: 55 97 41 88
Ringetid: tirsdag og torsdag frå kl. 14.30 - 16.00.
Timeavtale: tirsdag og torsdag frå kl. 16.00 - 21.00.



Barselpoliklinikken

Nybakte mødrer kan få ein oppfølgingstime på Barselpoliklinikken etter heimreise frå Barsel.
 
Telefon: 55 97 41 84


Samtalepoliklinikken

På Samtalepoliklinikken møter du rådgjevar/rettleiar og jordmor Inger Sofie Stensland.
Har du angst for å føde? Mange har ulike grunnar til at dei fryktar å føde. På Samtalepoliklinikken hjelper vi deg med å legge alt til rette for at du skal føle deg trygg og teken vare på når du skal føde. Det gjer vi ved individuell planlegging som tek sikte på å gjere fødselen mindre skremmande og lettare å planlegge.

Tildeling av time skjer etter tilvising frå fastlege, jordmor eller psykolog. Alle som får time, får innkallingsbrev i posten med kontaktinformasjon til Samtalepoliklinikken.

På Samtalepoliklinikken møter du rådgjevar/rettleiar og jordmor Inger Sofie Stensland.



Kontaktinformasjon

Kor finn eg Rådgivingssenteret for mor og barn?

Vi held til i U-et. på Kvinneklinikken, inngang frå baksida av bygget.
Dersom du har avtale om time hos oss, kan du sitte og vente like utanfor poliklinikken. Arealet er skilta.
 

 Tema:




Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo