Pårørande 

 
 

Pårørande kan delta på samlingar ein gang kvar sjette veke i pårørandegrupper. Gruppene er meint som arena for meiningsutveksling, både mellom pårørande, men også mellom pårørande og verksemda.

På samlingane får ein informasjon om behandlingstilbodet og undervisning i relevante tema som pårørande er opptekne av. Som til dømes aktuelle lovverk, pasientrettar, personvern og teieplikt. 

Alle pasientar får par- og pårørandesamtalar etter eige ønskje. Tilbodet er ein del av behandlinga. Pårørande får tilsendt skrifteleg innkalling til gruppemøta. 

Ansvarleg for pårørandegruppa er:
Seksjonsleiar Poliklinikken, Floenkollektivet
Kristina Åkerblom


For meir informasjon kontakt oss på tlf.55 97 71 80 eller via e-post.


Publisert 14.06.2010 15:08 | Endret 20.09.2011 11:16 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo