Drift/teknisk kundesenter er avdelinga som tilsette i Helse Bergen kontaktar når dei treng ei teneste frå Drift/teknisk divisjon. Her kan alle tenester bestillast og uløyste problem kan finna si løysing.
"Drift/teknisk kundesenter - du snakkar med Toril" er orda som tilsette vert møtt med når dei kontaktar oss. Krav til servicenivå er høgt og vi har ei målsetting om at alle som kontaktar oss skal få hjelp til å finna ei løysing på sitt spesifikke problem. Det skal vera nok for kunden å henvenda seg ei gong til oss om ei sak for å få denne løyst.
Drift/teknisk kundesenter opna 1. desember 2008 og har 8 kundekonsulentar.
Sjølv om Drift/teknisk kundesenter primært er ei avdeling for tilsette og avdelingar ved sjukehuset, er det også på enkelte område aktuelt for pasientar, besøkande og andre å kontakta oss.