Poliklinikk  

 
Avdeling for bryst- og endorkinkirurgi.
 
 
Telefon:
55976092.
Telefontid:
09.00-11.00

Postadresse
Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
Kirurgisk klinikk
Haukeland Universitetssykehus
5021 Bergen

Åpningstider
Mandag - fredag 
08.00-15.30.
Besøksadresse poliklinikk
I underetasjen av Hudbygget.
Same inngang som Mammografisenteret.

Ved poliklinikkane blir det utført både undersøkingar, behandling og kontrollar av pasientar, samt utgreiing av tilviste pasientar som skal vurderast av spesialist. Brystundersøking av kvinner blir også utført her i samarbeid med Mammografisenteret.

Poliklinikken held til i Hudbygget som ligg mellom Sentralblokka og Haukeland Hotell. Inngangen ligg i underetasjen.

Tilvising frå lege
Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist av primærlege/lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev direkte heim til pasienten om tid, stad og kva undersøkingar ein eventuelt skal gjennomgå

Utgreiing
Etter at diagnose er stilt vurderer legen om ein vil ha nytte av kirurgisk behandling. Viss det blir planlagt operasjon vil ein del nødvendige undersøkingar bli gjort på førehand på poliklinikken.

Kontroll
Det er ein kirurg som vurderer om pasientar treng oppfølging på poliklinikken etter utskriving frå sjukehuset. Nokre opererte pasientar blir gjerne ønska inn til kontroll ein periode, andre går til kontroll hos eigen lege. Ein del pasientar med kronisk sjukdom blir jamleg undersøkt av spesialist på poliklinikken.

Endring av time
Treng du å endre tildelt time ringjer du poliklinikken for ny avtale. Gi beskjed så tidleg som mulig, det gir poliklinikken anledning til å utnytte sin kapasitet best mulig. Ved avbod same dag må det betalast eigedel

Publisert 08.06.2010 15:02 | Endret 23.02.2012 09:11 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo