Vi ønskjer å fremje psykisk helse under mottoet å gjere kvardagen lettare. I dette ligg det eit ønskje om å gje god behandling, hjelp til å takle symptom, være tilgjengeleg og fleksibel for menneske med psykiske lidingar
Bjørgvin DPS er lokalisert på Tertnes i Åsane og på Knarvik i Nordhordland.
På Tertnes ligg administrasjon, poliklinikkar, dag og ambulante tenester for Arna, Åsane og Osterøy samt sengepostar for heile opptaksområdet. I Knarvik har vi poliklinikk, gruppebehandling og ambulante tenester for Nordhordland.
For å komma i kontakt med oss må du ha tilvising frå fastlege, legevakt eller andre delar av spesialisthelsetenesta.
All behandling ved Bjørgvin DPS vert leia av psykiater eller psykologspesialist. Dei arbeidar saman med legar, psykologar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, og andre med sosial- og helsefagleg utdanning og røynsle.
Publisert
22.02.2010 11:26 |
Endret