Fleirregional behandlingsteneste for usikker somatisk kjønnsutvikling (DSD/Intersex) 

 

Tilstandar med medfødde feil i kroppsleg kjønnsutvikling omfattar først og fremst barn der det ved fødselen er vanskeleg å fastslå barnet sitt kjønn. I Noreg blir det kvart år fødd mellom 5 og 10 barn der det er usikkerheit rundt barnet sitt kjønn i nyføddperioden. Nokon barn kan likevel ha heilt normale ytre kjønnsorgan ved fødsel, og symptom på feil kan då først oppstå seinare i barnealder eller rundt pubertet.

Av Robert Bjerknes, Barneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
 

Det blir opplevd som svært belastande for foreldre å få eit barn der kjønnet er uklart. I tillegg kan tilstandar med medfødde feil i kjønnsutviklinga vere assosiert med binyrebarksvikt, noko som udiagnostisert og ubehandla kan vere livstrugande for barnet. Det er derfor nødvendig med rask, strukturert og tverrfagleg utgreiing og behandling. Oppfølging vil i dei fleste tilfelle strekke seg heilt til vaksenalder.

Ved Haukeland universitetssjukehus (HUS) har fagmiljøa lang erfaring med å behandle barn med slike tilstandar, og sjukehuset har saman med Rikshospitalet i mange år hatt eit delt nasjonalt ansvar for å tilby utgreiing og behandling på dette området. Det er ved HUS oppretta fast behandlingsteam, koordinert av barnelege. Her inngår barnelegar, plastikkirurgar, gynekolog, barnepsykiater, barnepsykolog og sjukepleiar. I tillegg blir det samarbeidd tett med genetikar og urolog. Behandlinga inkluderer ofte svært spesialisert utgreiing og kirurgi, og det er derfor oppretta nært samarbeid med fagmiljø i utlandet, blant anna i Stockholm og Paris, i tillegg til den samhandling som skjer med teamet på Rikshospitalet i Oslo.

Nyfødde der det er usikkerheit rundt barnet sitt kjønn bør bli overflytta til spesialavdeling så raskt som muleg, og til HUS skjer det praktisk ved å ta kontakt med vakthavande lege ved Barneklinikken.


Publisert 02.07.2010 12:14 | Endret 27.12.2011 09:32 

 Kontaktinformasjon

Ytterlegare informasjon om behandlingstilbodet kan ein få ved å vende seg til:

Seksjon for endokrinologi og metabolisme
Barneklinikken
Haukeland Universitetssykehus
5021 Bergen


eller

Tlf: 55 97 52 00
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo