Innleggelsesdag
Før alle planlagde operasjoner møter kirurgiske- og øyre/nase/hals barn med foresatte på avdelinga for å bli tatt imot. Ortopediske barn møter på pre- poliklinikk for mottak, 1 etg. Det kan verta ein del venting denne dagen.
Barnet som skal opereres, dusja/bada kvelden før operasjon eller, evt. morgenen operasjonsdagen.
Etter kl. 24.00 må barnet faste. Det vil sei, ikkje eta mat, tyggje tyggegummi, eta drops, bruka snus/røyke. Barnet kan drikka vatten og saft, inntil to timer før operasjon.
På barn vert det brukt eit plaster, eller ein salve (Emla), på hender eller føte, dette for å bedøva området der veneflon skal leggjast, eller dersom barnet skal ta blodprøvar. Det vert vurdert i kvart enkelt tilfelle om barnet treng å taka blodprøver.
Legevisitt
Det er legevisitt dagleg på avdelinga, tidspunktet kan variere.
Måltid
På avdelingen er det buffetservering. Under opphaldet får pasienten og ein pårørande/foresatte forsyna seg med mat/ drikke.
Måltida er til faste klokkeslett:
Frukost: kl. 08.00 - 09.30
Lunsj: kl. 12.00 - 13.00
Middag: kl. 16.00 - 17.00
Kvelds: kl. 19.00 - 20.30
Dei pasientar/foresatte som bur på hotellet under opphaldet, skal innta måltida der.
Leikerom/Stellerom
Det er eit leikerom tilknytta avdelinga, dette leikerommet kan nyttast av pasient/foresatte. Det er viktig at kvar og ein ryddar opp etter seg. Det skal ikkje nyttast mat og drikke der, pga. at fleire av barna som er der fastar, og kan derfor ikkje innta mat/drikke. Ved sidan av leikerommet er det toalett/stellerom.
TV/ DVD-spelar
Det er TV og DVD-spelarar på alle rom. På avdelinga er det mogleg og låna DVD-filmar, lydbøker. Eiga datamaskin kan med bringast, på eige ansvar. Det er eige Pasientbiblioteket på sjukehuset. Alt som lånast der, har kvar og ein ansvar for og levera attende.
Skule
Barn som ligg på sjukehus har krav på undervisning av lærar. Sjukehuset har egne lærarar som tar kontakt med dei inne liggande borna som er i skulealder.
Telefon
Det er mulig og nytta eigen mobiltelefon på avdelingen.
Til deg som følgjer barnet
Det er berre ein pårørande/foresatte som kan overnatte samen med barnet under opphaldet.
Skal pårørande/foresatte forlata avdelinga, må personalet få beskjed om dette.
Barn under 12 år som vert inneliggjande lengre enn 8 dagar, kan få søknadspapir der ein av pårørande/fortette kan søkja om pleiepengar.
Avdelingen har ikkje ansvar for private eigendeler som vert medbring til avdelinga.
Parkering
Parkeringsutgifter for dagen ein vert innlagd, og dagen ein vert utskreven, dekkjast ikkje av sjukehuset. Det er mogleg og søkje «Avdeling for Pasientreiser» om refusjon av utgiftene. Avdelinga har søknads papirer.
Parkeringsbilletten på dagane mellom innlegging og utskriving, for barn
under 10 år, dekkast av sjukehuset. Personalet leverer ut desse skjema ved etterspørsel. Det er kun mogleg å ha ein bil parkert på sjukehuset om gangen, viss parkering skjema skal nyttast.
Publisert
03.06.2010 17:30 |
Endret
10.12.2012 14:13