Barnehagar 


Helse Bergen eig og driv fem barnehagar med høg kvalitet og dei er tilrettelagt for medarbeidarar som jobbar i føretaket. Barnehagane blir drivne som eit personalpolitisk verkemiddel for å behalde og rekruttere nøkkelpersonell og kvalifiserte tilsette.



Barnehagane er pedagogisk tilrettelagt og skal gi barn gode utviklings- og aktivitetsmuligheiter i nær forståing med og i samarbeid med barna sin heim.
Dei fem personalbarnehagane har til saman 275 plassar for barn i alderen 1 - 6 år. Barnehagane har berre heile plassar.

Opptak til barnehage
Prioritering av dei ulike yrkesgruppene kan variere fra år til år.
Informasjon om hovedprioritet publiseres på intranett forut for søknadsfrista 1. mars.

Tildeling av barnehageplass skjer etter ein vurdering av foreldrenes/foresattes stilling i tilhøve til prioritering. Målet for barnehagedrifta er å rekruttere og behalde medarbeidarar som føretaket til ei kvar tid er avhengig av.
Det gis søskenprioritet ved tildeling av plass. Opptakskomiteen kan og ta omsyn til at begge foreldra er tilsette.

Kven kan søke barnehageplass?
Alle som er tilsett i Helse Bergen eller som skal begynne i ei stilling i Helse Bergen HF kan søkje barnehageplass i våre barnehagar. Tilsette i institusjoner som har avtale om plassar i barnehagane kan og søke.

Korleis søke barnehageplass?
Helse Bergen sine barnehagar er del i det samordna barnehageopptaket i kommunen.
Det medfører at alle søkarar må fylle ut to søknadsskjema:
  • eit skjema til Helse Bergen til e-post:  barnehagesoknad@helse-bergen.no
  • ein elektronisk søknad til Bergen kommune, evnt til Os kommune, som blir registrert i Dexter.
I Bergen får du tilgang til alle våre barnehagar når ein av barnehagane er ført i det kommunale opptaket. For at vi skal kunne tildele barnehageplass til ditt barn, må du føre opp ein av våre barnehagar som alternativ i det kommunale opptaket.

Betalingssatser og moderasjon
Helse Bergen HF tilbyr heldagsplassar. Plassen koster 2330,- pr. mnd. og i tillegg kjem kr. 250,- for lunsj, drikke og frukt.
Det er 30% søskenmoderasjon for barn nr 2, og 50% moderasjon for barn nr 3.

Søknadsfrist til hovedopptaket er 1. mars. 

 


Illustrasjonsfoto: Colourbox.no 



Kontakt oss
Telefon 55 97 63 86

Åpningstider 
Mandag til fredag fra kl. 06.45 til kl. 16.45.



Barnehagetilbodet i Helse Bergen omfattar:
Vinterdalen barnehage ved Sandviken sjukehus, Askungen barnehage ved Askviknes VPS/Kysthospitalet i Hagevik og tre barnehagar ved Haukeland universitetssjukehus; Vognstølen, Hunstad og Ravnebjerget.


Publisert 22.02.2010 11:02 | Endret  

 Søknad

 Les meir om:

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo