Forutsigbar uforutsigbar
Akuttmottak er kjenneteikna ved ein aktivitet som er forutsigbar uforutsigbar. Vi har tal på kor mange pasientar som blir innlagt og om lag når dei blir innlagt. I periodar kan pasientar oppleve lang ventetid på grunn av høg aktivitet.
Vi har ein definert måte å vurdere og prioritere pasientane på ut frå gitte kriterium for å sikre at dei som treng hjelp først blir prioritert.
For å kunne vurdere pasientane på ein forsvarleg måte prioriterer sjukepleiarane pasientane etter hastegrad. I 2008 gjorde Akuttmottak ein del endringar i organiseringa for å auke pasientsikkerheit og kvalitet.
Pasientar i Akuttmottak kan skrivast ut direkte. Nokre pasientar treng observasjon og behandling eit døgns tid før ein tar stilling til kva som skal skje vidare, og behandling. Desse kan bli innlagt i Observasjonsposten. Andre pasientar treng lengre opphald og blir lagt inn til ei av dei kliniske avdelingane. Pasientar som er akutt kritisk sjuke eller skadde blir flytta over til intensiv- eller overvakingsavdeling.
Erfarne folk
Det blir kravd minimum to års erfaring som sjukepleiar for å bli tilsatt i Akuttmottak. Opplæringsprogrammet for sjukepleiarar er differensiert, og blir kvalitetssikra gjennom internt kompetanseprogram som blir gitt til sjukepleiarar som begynner i avdelinga.
Kvart kompetansetrinn må bli godkjent av leiar. Kvar vakt har sjukepleiarar med definert kompetanse; dvs at det er sjukepleiarar på vakt som har rett kompetanse til å vere ein del av traumeteamet, hjertestansteamet, ta imot akutt/ kritisk sjuke pasientar og andre pasientar.
Alle vaktene har ein sjukepleiar som er vaktleiar på den enkelte vakt. Vaktleiarane har delegert myndigheit og ansvar, og er overordna alt personell som er på vakt på alle einingane i Akuttmottak. Vaktleiarane skal vere rettleiarar for andre sjukepleiarar, ha ansvar for drifta og kunne setje i verk og handtere ein eventuell beredskapssituasjon.
Legane som arbeider i Akuttmottak er tilsett på ei av dei kliniske avdelingane i sjukehuset. Som pasient i Akuttmottak er ein alltid innlagt til ei av dei kliniske avdelingane, for eksempel ved kirurgisk avdeling, ortopedisk avdeling, hjarteavdelinga, nevroklinikken, medisinsk avdeling, lungeavdelinga eller øyre- nase- halsavdelinga. Vakthavande lege har ansvar for utredning og behandling av pasientane. Alle dei kliniske avdelingane har overlegar med spesialkompetanse på sine felt.
Større plass
Akuttmottak er i gang med ei større utbygging/ ombygging, der første fase stod ferdig i september 2009. Då fekk Akuttmottak blant anna 10 nye behandlingsrom. Dette har gitt betre fasilitetar for pasientar og pårørande i Akuttmottak.
Publisert
22.04.2010 12:18 |
Endret
09.06.2010 14:53