Observasjonsposten 

 
Observasjonsposten er ei eining i Akuttmottak med plass til 20 pasientar. Pasientar skal ikkje ha behov for overvaking, og skal kunne bli skrivne ut frå posten etter 24 timar.
 

Observasjonsposten har om lag 6000 pasientopphald i året. 50 % av desse blir skrivne ut av sjukehuset og 50 % blir lagt inn til klinisk avdeling for vidare utgreiing eller behandling.

Brystsmerteeining
Observasjonsposten har den første brystsmerteeininga i landet, der målet er at pasientar med brystsmerter skal komme raskt til behandling. Pasientar som ikkje får påvist hjartesjukdom kan skrivast ut raskt og trygt, etter ei grundig vurdering av hjartelege.

Observasjonsposten har også eit isolat for pasientar som har behov for isolering på grunn av smittsame sjukdommar [tatt bort tekst].

Fagleg ansvar
Pasientar som blir lagt inn i Observasjonsposten har tilhørigheit til Kirurgisk klinikk, Ortopedisk klinikk, Hjarteavdelinga, Nevroklinikken, Medisinsk avdeling, Lungeavdelinga eller Øyre- nase- halsavdelinga.

Dei kliniske avdelingane har det medisinskfaglege ansvaret for pasientar som blir lagt inn frå Akuttmottak til Observasjonspost. Det vil seie at legar frå dei ulike avdelingane har behandlingsansvar for pasientane mens dei ligg i Observasjonsposten.

Sjukepleiarane i Observasjonsposten har ulik bakgrunn, frå legevakt, heimesjukepleie, sjukehus osb. Fordi vi har pasientar frå alle kliniske avdelingar får sjukepleiarane brei kompetanse og må vere løysingsorienterte i ein kvardag med høgt tempo og stor gjennomstrømming av pasientar. Observasjonsposten har fokus på godt arbeidsmiljø. Vi ønskjer løysingsorienterte sjukepleiarar med god fagleg kompetanse, og som liker høgt tempo, velkomne.


Publisert 22.04.2010 12:13 | Endret 08.06.2010 22:14 

 Handlar om

The context topic could not be retrieved in the time allowed
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo