Idrettslag
Haukeland sykehus idrettslag (HSI) har i dag om lag 1500 medlemmer, fordelt på 27 grupper. Eit felles mål for Helse Bergen og HSI er å støtte førebyggjande og helsefremjande arbeid ved å tilby tilsette trening og aktivitet.
Vi har eit mangfaldig tilbod, blant anna fotball, handball, aerobic, orientering, innebandy, volleyball, turgruppe, friidrett, golf og styrketrening.
Du kan lese meir om tilboda på gruppene sine eigne sider.
Faste årlege aktivitetar er Holmenkollstafetten, deltaking i norsk og nordisk
meisterskap for idrettslag knytta til helsevesenet, den lokale Vekselbankstafetten og ulike aktivitetsdagar både vinter og sommar.
Sidan 2009 har også tilsette ved Haukeland universitetssjukehus gjennom HSI fått høve til å delta i organisert
styrketrening med rettleiing om ettermiddagane. Målet har vore å tilby styrketrening i ein periode på åtte til ti veker for å redusere risiko for belastningsskadar. Nytt frå hausten 2011 er at interesserte også kan få tilbod om gruppetrening på dagtid. Alle deltakarar vil få eige treningsprogram tilpassa av fysioterapeut.
Barnehagane
Helse Bergen har fem barnehagar som er spesielt tilrettelagt for tilsette med barn som jobbar i føretaket. Vi har ein barnehage i Os kommune, ein i Sandviken og tre i nærleiken av Sentralblokka. Alle som er tilsett i Helse Bergen, eller som skal starte i ny stilling i føretaket, kan søkje om barnehageplass.
Kultur
Helse Bergen har eit eige Kulturbryggeri, der kulturbryggar Atle Halvorsen står i spissen for trivselsfremjande tiltak retta mot pasientar, pårørande og tilsette i føretaket. Vi kan mellom anna nemne konsertar, revy, Barnas dag, Grilldagen, sjukehusklovn, Brannkampar, Julaftanarrangement og musikkterapi.
Ungdomsrommet
Velkommen til Ungdomsrommet - ein fristad for unge med kreft. Ungdomsrommet er eit tilbod for deg som er omlag 15-35 år, eller pårørande i same alder til pasientar med kreft. Rommet kan nyttast når du ønskjer å ta deg ein pause frå sjukehusavdelinga.
Jordmor for tilsette
Ingunn-Olin Haugen er tilsette i Helse Bergen sin eigen jobbjordmor. Ho er tilsett på HMS-senteret og jobbar med å legge forholda til rette for gravide i jobb i føretaket. Tilbodet er eit supplement til den vanlege svangerskapsoppfølginga den gravide får hos jordmor og/eller lege.
Hytter
Du kan
leige hytte av Fagforbundet. Fagforbundet Helse Bergen har fire hytter på
Oppheim i Voss kommune og ei hytte ved
Liset på Hardangervidda. Etter avtale med sjukehuset kan alle tilsette leige hytte.
Hyttene på Oppheim vil frå sommaren ha oppgraderte fasilitetar.
Søknader som er sendt inn før 1. mai blir behandla samla. Etter denne tildelingsrunden er det "førstemann til mølla".