Vil du bli ein av oss? 

Ønskjer du deg ein jobb med meining? Er du på jakt etter nye utfordringar? Har du lyst til å vere med og redde liv? Då er kanskje Haukeland universitetssjukehus plassen for deg!

  Erfaring går ikkje ut på dato: Hallvard Vindenes (t.h) viser Hans Christian Sylvester-Jensen knepa som skal til for å bli ein god plastikkirurg. – Det tar tid å lære seg dette handverket, seier Vindenes.



 
– Den teknologiske utviklinga har vore enorm. Dette er ei heilt anna tid enn då eg begynte her. Og vi jobbar etter heilt andre teknikkar. Det er snart berre i trappa eg klarer å halde tritt med elevane mine, ler Hallvard Vindenes frå Kirurgisk klinikk.

Den spreke overlegen på 64 ½ år har rokke å trakke mange trapper sidan han begynte å jobbe på Haukeland i 1975. Om ein reknar etter utgjer det faktisk ein heil mannsalder. Det er i alle fall like lenge som assistentlege Hans Christian Sylvester-Jensen har levd.

 
– Ungdommen tar ikkje trappa, dei tar heis!, supplerer Sylvester-Jensen og ler.

Når Vindenes no så smått nærmar seg slutten på karrieren, er Sylvester-Jensen i startgropa på sin.

– Oppgåva mi no er å lære opp dei som skal fortsetje dette arbeidet, seier Vindenes og rettar på brillene.

Fleire tusen praksisplassar
Utdanning av helsepersonell er ein av Haukeland universitetssjukehus sine hovudfunksjonar. Kvart år bidrar verksemda med praksis og klinisk undervising til om lag 2000 studentar.

– Føretaket har eit stort spenn i utdanningsfunksjonen sin. I tillegg til å ha personar innan medisin og helsefag som tar bachelor, master eller doktorgrad har vi også lærlingar innan elektronikk og finmekanikk, seier Hilde Nesse, rådgjevar ved Forskings- og utviklingsavdelinga.

 
I fjor gjennomførte mellom anna 600 medisinstudentar, 499 sjukepleiarar og 87 radiografar klinisk praksis ved universitetssjukehuset. Ei spørjeundersøking frå våren 2009 viser at over 80 prosent av studentane som svarte er fornøgde med Haukeland universitetssjukehus som læringsarena.

– Attraktiv arbeidsplass
Hallvard Vindenes legg ikkje skjul på at vegen har blitt til medan han har gått. Frå sommaren 1975 har han vore innom fleire avdelingar, stige i gradene og begynt på nytt meir enn ein gong. I dag jobbar han som overlege og plastikkirurg for barn, unge og vaksne fødd med leppe-, kjeve-, ganespalte, samtidig skal han altså lære opp neste generasjons legar til å halde fram arbeidet som han ein gong i tida fekk opplæring i. Det er her Sylvester-Jensen kjem inn.  

 
– Haukeland er ein attraktiv arbeidsplass kor folk blir verande over lang tid. Ein får svært god oppfølging, og blir tatt med på ting. Og så er det spennande og fasinerande å komme så nær pasientane. Dette er verkeleg ein arbeidsplass med meining, seier Sylvester-Jensen.

Nære samarbeidspartnarar
Haukeland fungerer i dag som eit kompakt universitetsområde med samling av spesialistar innan forskings- og utviklingsmiljø, klinisk medisin og utdanning på helseområdet. Helse- og omsorgsdepartementet sine årlege målingar av forskingsproduksjon viser at Haukeland universitetssjukehus har landet sitt nest største medisinske- og helsefaglege forskingsmiljø.

– Vi har eit utstrakt samarbeid med Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Haraldsplass diakonale høgskole og Betanien diakonale høgskole. Den nære fysiske plasseringa har lagt mykje av grunnlaget for det tette samarbeidet både innan undervisning og forsking. Felles bruk av areal og utstyr har også vore viktig for kompetanseomfanget i utdanningstilbodet, forklarar spesialrådgjevar ved Forskings- og utviklingsavdelinga, Anne Mette Koch.

Treng fleire dyktige medarbeidarar
Det jobbar i dag rundt 12 000 menneske på Haukeland universitetssjukehus.

– Vi er alle ulike med forskjellige roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mogleg på det vi gjer. Vi har alltid behov for dyktige og motiverte fagfolk innan dei fleste helsefaglege område, og det er viktig å understreke at behovet vårt for arbeidskraft ikkje berre gjeld helsefag. Vi har også bruk for teknisk-, økonomisk- og administrativ fagkompetanse, seier Koch.

Utdanningar med praksis/klinisk undervising hos oss:

• Audiograf
• Bioingeniør
• Ergoterapi
• Fysioterapi
• Logoped  
• Paramedic
• Sosionom
• Sjukepleie
• Vernepleie
• Radiograf
• Medisin
• Klinisk ernæringsfysiologi
• Odontologi
• Oral kirurgi
• Ulike kliniske vidareutdanningar, til dømes anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleiar, jordmor
• Vidareutdanning i psykisk helse og rus 

Praktisk utdanning  Praktisk utdanning

Lyst på ei praktisk retta utdanning? Det er for tida 18 helsefagarbeidarar som lærlingar ved ulike avdelingar på Haukeland universitetssjukehus.


– For oss betyr det mykje å få inn ein ekstra ressurs, seier avdelingsleiar Maren Folkedahl (til høgre). Ho har berre positive erfaringar med Anette Hillarøy Brudvik og dei andre lærlingane.

– Eg skalv litt i knea då eg fekk vite at eg skulle jobbe i psykiatrien, men no er eg kjempefornøgd! Dette er ein spennande og interessant stad å jobbe, seier Anette Hillarøy Brudvik, som for tida jobbar ved seksjon M2 i Psykiatrisk klinikk.
 
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det kan bli mangel på så mange som 40.000 helsefagarbeidar-årsverk i 2030, som tilsvarar i overkant av 50.000 personar.  Helsefagarbeidarutdanninga er eit lærefag med to år i vidaregåande skule og deretter to år med opplæring i bedrift. Lærlingen har løn i læretida og krav på opplæring, men skal samtidig bidra med verdiskaping.

Ekstra ressurs
Avdelingsleiar ved M2, Maren Folkedahl, har berre positive erfaringar med lærlingane. Hillarøy Brudvik er den tredje som er inne på avdelinga.

– For oss betyr det mykje å få inn ein ekstra ressurs. Ein av våre tidlegare lærlingar har til og med fått fast jobb, seier Folkedahl.

Oppgåvene som lærlingane utfører på Haukeland er relatert til spesialisthelsetenesta, og er knytt opp mot helsepleiaren sine arbeidsoppgåver, til dømes stell, observasjon, prosedyretrening og det å ta vare på pasientane.

PS: Haukeland har også seks lærlingar frå teknisk allmennfag helse (TAF) i arbeid. Skilnaden på TAF-lærling kontra vanleg lærling er at TAF har hatt læretid på ulike arbeidsplassar i kommunen gjennom heile si fireårige skuletid.

For meir info om TAF-helse sjå www.taf.no

Vi tilbyr læreplassar til ulike fagutdanningar. I 2010 hadde vi lærlingar innan:
• Helsefagarbeidar
• Ambulanse
• Bakar og konditor
• Finmekanikk
• Serviceelektronikk
Vi yter også praktisk opplæring og rettleiing for legar i spesialisering og psykologar i spesialisering.
Leppe-kjeve-ganespalte (LKG) er nemninga for ein spalte i munnregionen, og er ei av dei vanlegaste misdanningane ein kan bli fødd med. Det blir fødd ca. 100-120 barn i Noreg kvart år med ei form for spalte. Her i landet er behandlinga av LKG sentralisert til to spaltesenter, eitt i Oslo og eitt i Bergen. Begge desse har lang tradisjon i behandling av barn med spalter.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo