Personalhandbok
Personalhandboka inneheld nyttig informasjon om personalpolitikk og retningsliner i Helse Bergen. Som nytilsett kan du her finne svar på mykje av det du gjerne lurar på i starten.
Lønsslippar, vakter og timelister
I MinGat finn du informasjon om arbeidstid og løn, mellom anna oversikt over vakter og timelister. Det er også her du finn lønsslippar og løns- og trekkoppgåver frå Helse Bergen.
Du har sjølv ansvar for at profilen din er oppdatert og inneheld riktig informasjon om deg.
Passordet til MinGat vert sendt til di e-postadresse i Helse Bergen. Du kan logge deg på MinGat heimanfrå. Du loggar på med same brukarnamn og passord som du har fått for pålogging til PCen din i Helse Bergen.
Arbeidsinstruks
Arbeidsinstruksen inneheld dei krav og forventningar Helse Bergen HF har til sine arbeidstakarar. Instruksen set rammer for tilhøvet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar og er meint å bidra til trygge og planlagde arbeidsvilkår for tilsette i føretaket.
Etiske retningsliner
Etikk er ikkje noko vi berre skal pynte oss med i festtalar. Etisk refleksjon skal ligge til grunn for alt det vi gjer. Som tilsett i Helse Bergen har du plikt til å setje deg inn i våre etiske retningsliner.
Hugs at kvar og ein av oss har ansvar for at sjukehuset lever opp til sitt verdigrunnlag.
Kompetanseportalen
I Kompetanseportalen kan du dokumentere kompetansen din slik at du og leiaren din saman kan definere kva du treng av opplæring og vidareutvikling. Dette er også Helse Bergens verktøy for å førebu, gjennomføre og følgje opp medarbeidarsamtalar. Du kan logge deg på Kompetanseportalen heimanfrå.
ID-kort
Alle tilsette i Helse Bergen skal ha ID-kort med bilde. Du skal alltid ha på det kortet slik at det er synleg for andre.
Tilsette ved Haukeland universitetssjukehus får utlevert ID-kort hos Drift/teknisk kundesenter, 1. etasje i Verkstadbygget. Du må ha med deg gyldig legitimasjon og ei stadfesting på tilsetting i form av arbeidsavtale eller tilsettingsbrev.
Garderobar og arbeidstøy på Haukeland universitetssjukehus
På Haukeland universistetssjukehus hentar du sjølv arbeidstøyet i eigne maskinar for tøyutlevering. Sjukehuset har slike maskiner i Sentralblokka, i Gamle Hovudbygning, korridoren mot Barneklinikken, ved Lungebygget og ved Kvinneklinikken. Dei same plassane finn du innkast for skittent arbeidstøy.
Sjukehuset har skåp med lås til oppbevaring av privat tøy og eigendelar og eigne skåp til sko. Jobbar du i meir enn halv stilling på Haukeland universitetssjukehus kan du setje deg på venteliste hos Drift/teknisk kundesenter for å få eige garderobeskåp.
IKT-tryggleik
Helselovgivinga saman med personopplysningslova stiller strenge krav til handsaming av helse- og personopplysningar. I Helse Bergen er vi opptekne av informasjonstryggleik og har ein sikkerheitsinstruks som alle tilsette har eit personleg ansvar for å gjere seg kjend med og leve etter. Instruksen er tilgjengeleg for alle tilsette på intranettet. Helse Bergen har også eit e-læringskurs i informasjonstryggleik som er obligatorisk for alle tilsette.