I forhold til kriterium ved tilsetjing blir det stilt dei same krav til utanlandske borgarar som nordmenn:
• Du må kunne kommunisere på norsk skriftlig og munnleg.
• Du må kunne vise fram gyldig opphalds- og arbeidsløyve der dette er eit krav
• Du må framvise autorisasjon der kor dette er eit krav.
• Politiattest til stillingar kor dette er påkravd, for eksempel i arbeid med barn og psykisk utviklingshemma.
• Rett dokumentasjon på vaksinasjon.
• Link arbeidsinstruks.
Hovudregel arbeids- og opphaldsløyve:
• EØS/EFTA/EU borgarar treng ikkje søkje om opphaldsløyve (med unntak av Romania og Bulgaria).
• Nordiske borgarar har arbeidsløyve i Noreg.
• Faglærde arbeidstakarar (eks. sjukepleiarar og legar) utanfor EØS får opphaldsløyve i inntil 6 månader (gjeld ikkje visumpliktige land).
• Har du mellombels opphalds- og arbeidsløyve må du opplyse om dette til din arbeidsgivar. Løyve må fornyast seinast innan ein månad før det løper ut.
• Alle har registreringsplikt – dette blir gjort via UDI sine heimesider. Skjemaer og avtaler for arbeid og opphold.
• Opplysingar og registreringsskjema om dokumentasjon i forbindelse med skattekort, D-nummer, fødselsnummer etc. får du via Ny i Norge sine internettsider.
• For å opne bankkonto i Noreg (krav for å få lønn) må du har norsk fødselsnummer – finn informasjon via Ny i Norge.
Skatteetaten har også god informasjon og rettleiing.
Tilrettelegging ift mangfald og policy:
Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil leggje til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Helse Bergen skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.