– Moderne kreftbehandling fokuserer i større grad på at kreftbehandling ikkje berre handlar om å hjelpe pasienten til å overleve, men òg på å gi hjelp til å leve best mogleg etter behandlinga, seier Helga B. Salvesen, overlege og professor ved Kvinneklinikken.
Professor og overlege Helga Salvesen leier ein Europeisk multisenterstudie som til no har samla inn om lag 1300 vevsprøvar til forsking. Stipendiat og overlege ved Kvinneklinikken, Jone Trovik, har vore sentral i den praktiske gjennomføringa av multisenterstudien.
Kvinneklinikken (KK) på Haukeland universitetssjukehus er leiande innan forsking på kreft i livmorslimhinna, og Salvesen styrer den europeiske multisenterstudien på livmorkreft. Målet er å kunne skreddarsy behandlinga, slik som i Ina Fikse sitt tilfelle.
– Tidlegare hendte det at små og tidleg oppdaga kreftsvulstar fekk like omfattande behandling som meir aggressive og utbreidde svulstar, fortel Salvesen.
– Og det sjølv om dei små svulstane hadde gode utsikter.
Ho samanliknar det med å skyte sporv med kanon.
– Etter kvart har vi erfart at følgjene av omfattande kreftbehandling kan vere store for dei som blir friske. Skader etter tilleggsbehandlinga kan dukke opp fleire år etter sjølve behandlinga.
Tilleggsbehandling
Kvart år får om lag 1500 kvinner i Noreg kreft i underlivet. Kreft i livmorslimhinna er mest vanleg, og førekomsten aukar. Ved tidleg oppdaging blir som regel livmor og eggstokkar fjerna, i tillegg til at lymfekjertlane i bekkenet blir undersøkt for spreiing.
– Om lag 80-90 prosent vert kurert med slik operasjon.
Dersom kreften har spreidd seg utanfor livmora, er det ein indikasjon på meir aggressiv kreft, og det aukar sjansane for tilbakefall. I desse tilfella gir vi ofte tilleggsbehandling med stråleterapi eller cellegift, forklarar Salvesen.
– For at vi skal kunne tilpasse behandlinga til dei som har låg og høg risiko for tilbakefall, må vi skilje mellom snille og slemme svulstar så tidleg som mogleg. Vi leitar i prøver frå vevet for å finne det vi kallar markørar for aggressiv sjukdom. Markørane kan spele inn når avgjersla om kven som bør fjerne lymfeknutar, eller få tilleggsbehandling, blir tatt.
Vevsprøvar frå heile Europa
I forskingsstudien tek Kvinneklinikken vevsprøvar sjølve, i tillegg til å samle inn ferske vevsprøvar frå kvinner som har fått livmorkreft frå fleire kreftsentra i heile Europa. Forskarane leitar også etter heilt nye mål for behandling i vevsprøvane.
– Multisenterstudien har ført til at vi dei siste åra har fått betre føresetnad for å sjå spreiing til lymfeknutar. Slik vil vi bruke markørane til å utvikle behandlingsmetodar som gjer inngrepa mindre øydeleggjande for friskt vev, seier Salvesen.
Må ta eit val
Forskinga har ført til ei utvikling som gjer at kvinner som i dag blir ramma av livmorkreft, kan bli stilt overfor eit anna type val enn tidlegare.
– Kvinner som får behandling som gjer dei friske, vil ha ein høgare toleranse for eventuelle biverknader. Viss det er usikkert om behandlinga vil gjere ein frisk, må kvinna saman med legen sin vurdere om nytten er større enn ulempene behandlinga kan føre med seg. Vi freistar å vere tydelege på kva som er heilt sikker kunnskap og kva som er meir usikkert, seier Salvesen.
– Når det er mogleg å tilby kvinna behandling som gjer ho frisk, vil dette i dei aller fleste tilfelle vege aller tyngst.
Publisert
19.04.2011 12:38 |
Endret
03.05.2011 12:08