|
Det finst seks ulike søvndiagnosar:
Insomni
Ei gruppe søvnsjukdommar som er kjenneteikna av innsovningsproblem, nattlege oppvakningar, tidleg morgonoppvakning eller dårleg søvnkvalitet.
Søvnapné
Pasientar med denne søvnlidinga har pustestopp i søvne. Dei vil vanlegvis klage over dårleg søvn, ofte oppvakningar om natta og at dei er søvnige på dagtid.
Døgnrytmeforstyrringar
Ved døgnrytmeforstyrringar er det eit misforhold mellom kroppen sin ”interne” døgnrytme og samfunnet sin ”eksterne” døgnrytme. Det kan vere forstyrringar i den ”interne” klokka, som ved forsinka søvnfasesyndrom og for tidleg søvnfasesyndrom, eller plutselege endringar i den ”eksterne” klokka, som ved jet lag og skiftarbeid.
Hypersomni
Ei relativt sjeldan gruppe sjukdommar, kor hovudsymptom for gruppa er auka søvnigheit på dagtid og som oftast eit totalt auka søvnbehov. Narkolepsi er den vanlegaste sjukdommen i denne gruppa, og er kjenneteikna av plutselege søvnanfall på dagtid.
Parasomni
er uønska hendingar som hender under innsovning, under søvn eller under oppvakning. Typiske eksempel er det å gå i søvne, forvirra oppvakning og nattlege skrekkanfall. Ved sistnemnte er pasienten ikkje bevisst, i motsetnad til ved oppvakning frå mareritt.
Søvnrelaterte rørsleforstyrringar
gir seg til kjenne ved repeterte, enkle rørsler som ikkje er målretta, for eksempel rastlause bein/kribling i beina, leggkrampar og gnissing av tenner. Resultatet blir ofte dårleg søvnkvalitet, og kjensla av å ikkje føle seg utkvilt når ein vaknar om morgonen.
|