Arild var hardt angripen. Uansett kor tidleg han la seg og kor lenge han sov, følte han seg alltid trøytt og uopplagd. Han sovna når som helst og kor som helst. På kino, på konsert, overalt.
– Eg var vitsen i vennegjengen, fortel han.
Arild prøvde alle søvntriks i boka, men dei hjelpte ikkje. Problemet stakk djupare.
– Det var omtrent som å prøve å fylle luft i dekka når bilen er tom for bensin, smiler han.
Glad for søvnsenteret
Først då Sørensen sovna i ein stol hos fastlegen midt på 90-talet, rykka han fram i behandlingskøen. Men endå skulle det ta både tid og snorkeoperasjon før han fekk diagnosen obstruktiv søvnapné, altså pustestopp i søvne.
– Eg var innom og vart utgreia ved fleire avdelingar på Haukeland før eg fekk riktig diagnose og behandling, fortel han.
Nettopp derfor er han utruleg glad for at Haukeland sitt nye søvnsenter no har opna. Her blir kompetanse frå alle avdelingar som tar imot søvnpasientar samla under éitt tak.
– Eg set stor pris på å få eit samla tilbod, seier han.
– Ikkje minst er det bra når du blir tilvist for første gong og skal bli utgreidd, men òg for meg som har vore pasient nokre år. No kan eg ta alle kontrollar og testar på ein stad.
Pustestopp den største gruppa
Arild fekk til slutt hjelp på Lungeavdelinga, som har mellom 3- og 4000 konsultasjonar med søvnpasientar i året.
– Den største gruppa vi tar imot er pasientar som Arild, med obstruktiv søvnapné, fortel seksjonsoverlege Sverre Lehmann.
Ifølgje Lehmann er det avgrensa kunnskap om både førekomst og årsak til pustestopp i søvne i den norske befolkninga. Eit abstrakt som går ut frå Lungeavdelinga viser at det er samanheng mellom tilstanden og alder, kjønn, vekt og røykevanar hos middelaldrande og eldre personar i Bergen kommune.
– Vi konsentrerer oss om dei med moderat og alvorleg sjukdom fordi dei har høgast risiko for komplikasjonar, som til dømes trafikkulukker, hjerneslag og tidleg død, seier Lehmann.
Studien viser òg at rundt fem prosent av den vaksne befolkninga i Bergen har pustestopp i søvne.
–Nasjonale tal er litt høgare, så det er nok riktig å seie at mellom fem og 10 prosent av befolkninga har denne sjukdommen, utdjupar Lehmann.
Dette gjer dei med søvnapné til den nest største pasientgruppa innan søvnsjukdommar, berre slått av dei som lir av insomni.
– CPAPen har gjort meg til eit nytt menneske, seier Arild Sørensen.
Maskinen hjelper han med å puste om natta, og sørgjer dermed for god søvn. På Senter for søvnmedisin får han hjelp til å sjekke og tilpasse maska. I bakgrunnen sjukepleiar Mona Grundeland.
Tre typar behandling
For pasientar med pustestopp om natta tilbyr Haukeland tre ulike typar behandling. Det er CPAP- maskin, som den Arild har, biteskinner eller operasjon.
– Dei fleste får det betre med ein CPAP- maskin, som blir brukt for å hjelpe pasienten med å puste. Lufta som blir blåst inn i nasen opnar dei øvre luftvegane og forhindrar at dei klappar saman mens ein søv, forklarar Lehmann.
– Dermed hindrar ein snorking og pustestans.
Lita operasjonsstove
For dei som strevar med å bruke CPAP, kan biteskinne vere eit alternativ. Den må spesiallagast av tannlege. Eit tredje behandlingsalternativ er operasjon, som til no har blitt utført på Øyre-nase-hals-avdelinga.
– Dei tar også imot pasientar med søvnapné, seier Lehmann.
– Fram til no har det ofte vore slik at dei har diagnostisert og sendt vidare til oss, for det er få som blir behandla med kirurgi. Men kirurgi har òg ein plass hos utvalde pasientar, og det er ei lita operasjonsstove i det nye søvnsenteret.
Arild er blant dei mange som får hjelp av ein CPAP. Maskinen og maska han har no, fekk han rett før jul. Tilpassing og oppfølging blir gjort på Lungeavdelinga sin søvnpoliklinikk, som no har flytta inn i søvnsenteret.
– Denne maska er betre enn den gamle eg hadde, seier han.
– Alle maskene har kravd tilvenning i starten, men ubehaget er mindre enn det eg oppnår ved å bruke dei. Maska gir tryggleik for at eg får ei god natts søvn.
Publisert
19.04.2011 10:34 |
Endret
02.05.2011 15:34