Sommarjobb 

Med sommarferie kjem behovet for sommarvikarar, også ved Haukeland universitetssjukehus. 

Det er eit stort behov for vikarar frå mai og ut august innan mange av våre fagområde. For å få draumejobben hos oss er det berre å følgje med frå januar til påske.

Bemanningssenteret er aktive bidragsytarar til at vi får dekka vårt vikarbehov om sommaren. Ta gjerne kontakt med dei dersom du ønskjer jobb hos oss.

Er du helsefagstudent? Då kan ein sommarjobb på Haukeland universitetssjukehus vere ein fin måte å prøve ut sjukehus som arbeidsplass på og samstundes vise kva du er god til. Den beste måten å halde seg oppdatert på, er å følgje med på utlyste stillingar merka med sommarvikar.


Sommarvikarane
         
"Eg trur eg blir ein betre lege av å jobbe her"
Maartje, pleieassistent 
"Eg jaktar på nye impulsar"
Anna, intenstiv-sjukepleiar
"Eg blir lommekjent på Haukeland"
Alexander, portør
"Eg skal halde sjukehuset plettfritt"
Anna, reinhalds-assistent 
"Kjekt å gjere noko anna enn elles"
Lina, masterstudent

Frå portør til direktør

Personal-og organisasjonsdirektør Trond Søreide kan ikkje garantere at alle sommarjobbar ved Haukeland universitetssjukehus endar i ein direktørstol, men sjølv starta han sjukehuskarrieren som portør.

 Søreide

 – Eg fekk prøve meg på mykje forskjellig, og lærte verkeleg sjukehuset å kjenne, seier Søreide.

Til saman var han sommarvikar i fem år, innan dei fleste område av portøryrket. Og det var ikkje berre spennande der og då, men har også vore nyttig i jobben han har no.
– Eg lærte mykje om korleis ting fungerer i organisasjonen, og kor ting er på sjukehuset. Ikkje minst gav det eit unikt innblikk i arbeidskvardagen på dei ulike avdelingane på Haukeland.
Søreide trur ikkje han er åleine om å oppdage at ein sommarjobb på Haukeland gir meirsmak.

– På Haukeland får du verkeleg teste korleis arbeidslivet er i ein stor organisasjon. Og for dei som er under utdanning er dette ein unik sjanse til å prøve ut kompetansen sin. Vi har eit stort mangfald og vidt spenn, med veldig mange moglegheiter. Samtidig har vi mange spennande vikariat der ein ikkje treng spesiell kompetanse eller utdanning. Her er noko for ein kvar smak, understrekar personal- og organisasjonsdirektøren.

Han påpeikar òg at sams for alle stillingar, uansett krav til faglege kvalifikasjonar, er at sjukehuset jaktar på flinke, positive og engasjerte sommarvikarar.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo