Sløvågundersøkinga 

 

Her finn du rapporten som oppsummerar resultata etter helsekontrollen av arbeidstakarar og bebuarar i Masfjorden og Gulen etter Vest Tank ulykken i mai 2007.

Yrkesmedisinsk avdeling fekk i oppdrag frå Helsedirektoratet å gjennomføre ei helseundersøking etter eksplosjonsulukka i Sløvåg i Gulen.

I mai 2007 eksploderte det i tankanlegget ved Vest Tank i Sløvåg. Tankane inneheldt vesentlege mengder "coker gasoline", ein bensinliknande masse etter raffinering av olje, og oljerestar. Eksplosjonen førte til spreiing av kjemiske stoff over delar av Gulen og Masfjorden kommunar. I etterkant meldte ei rekke personar inn helseplager til kommunehelsetenesta. 

Hovudoppgåvene ved undersøkinga er:

  • Risikovurdering*
  • Kommunikasjon
  • Planlegging og gjennomføring av mulige tiltak.
    * Risikovurdering vil seie vurdering av kva risiko for sjukdom, no og seinare, som føreligg ut frå den eksponering som er skildra og ut frå kva som er registrert frå helsetenesta si side.

Helsedirektoratet ønskjer å lære av hendinga, både ved å få kunnskap om plager som einskildpersonar har eller har hatt, og samfunnskonsekvensar av i ei slik hending. Direktoratet ønskje også at undersøkinga både kan ha effekt ved å gje god informasjon og oppfølging til dei som har vore sjuke, og at den kan hjelpe å planlegge betre på samfunnsnivå for ei eventuell kjemikalieulukke i framtida.

 Kontakt

Telefon: 55 97 38 75

Telefaks: 55 97 51 37

Adresse:
Yrkesmedisinsk avdeling
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen

Prosjektleiar:
Bjørg Eli Hollund


Tidsplan for helseundersøkinga

 Info

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo