Om undersøkinga 

 
Fått innkalling? Dei fleste møter opp i Duesund.
 
Tidsplan for helseundersøkinga i Sløvåg.

Ofte stilte spørsmål:

1. Er det ventetid?
Det er vanlegvis ikkje ventetid.

2. Blir tapt arbeidsforteneste dekt?
Vi dekker ikkje tapt arbeidsforteneste, men du kan få bytta time slik at du kan komma etter arbeidstid.

3. Skal eg ta med noko til undersøkinga?
Ta med morgonurinprøve (vi sjekkar den for eggekvite), utfylt spørjeskjema og samtykkeskjema.

4. Kor lenge varer undersøkinga?
Undersøkinga varar om lag i 1,5 timar.

5. Kor ringer me om me må bytta time?
Dersom tida ikkje passar, vær venleg å ring 47 64 01 96. Måndag og onsdag mellom klokka 17.00 og 20.00. Tysdag mellom klokka 13.00 og 15.00.

6. Kor er undersøkinga?
Dette står i innkallingsbrevet. Dei fleste møtar i dei gamle lokala til BKK i Duesund.

7. Når barn har fått time ein annen dag enn foreldra?
Ring 47 64 01 96 måndag og onsdag mellom klokka 17.00 og 20.00 eller tysdag mellom klokka 13.00 og 15.00 for å få nye timar som passar betre.

8. Dersom klokkeslettet ikkje passar?
Dersom klokkeslettet ikkje passar, kan dykk bytta med andre SAME DAG utan at det er naudsynt å melda frå på førehand.

9. Kven er med i undersøkinga?
Alle arbeidarar i Sløvågen, dei som var med i sløkkinga og ryddinga, dei som bur i nærområda til Sløvåg og eit utval av befolkninga ellers i Masfjorden og Gulen kommune.

10. Når vil resultata frå undersøkinga bli kjent?
I juni 2009.

 


Publisert 03.06.2010 09:40 | Endret 03.06.2010 09:44 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram