Avdelinga Psykisk helse for barn og unge har i mange år brukt kunnskapsbaserte familiesamtalar i behandlinga av psykose, og med god effekt. For Bjørg og Rolf Matre var hjelpa dei fekk då sonen Christer (28) vart sjuk, heilt nødvendig.
– Det var eit kjempesjokk for oss då Christer vart dårleg. Å få diagnosen schizofren var skremmande, seier Bjørg og ser bort på mannen som nikkar.
Christer sin sjukdom braut for alvor ut då han gjekk på vidaregåande. Heilt frå konfirmasjonsalderen av hadde han blitt stadig meir inneslutta, og no trekte han seg frå idrett, fotball, vener og alt sosialt.
– Han har alltid vore stille og forsiktig av seg, og fortalt lite om tankar og kjensler, fortel Bjørg.
– No vart det endå mindre. I denne perioden opplevde vi han som svært angstfull og redd, han fekk beskjedar frå stemmer inni hovudet og var redd for å døy. Det var kaos inni han, men til oss fortalte han lite.
Foto: Odd Mehus
Verktøy for kvardagen
Skulepsykologen tilviste Christer til poliklinikken på Ungdomsposten. Då han vart innlagt på Ungdomsposten, fekk familien tilbod om psykoedukativt familiearbeid. Og takka ja.
– Det vi lærte gjennom psykoedukativt familieteam i dei to åra vi nytta oss av tilbodet, var grunnleggjande for den hjelpa vi har kunna gi Christer. Det var akkurat som om vi stod på ei kai og skulle dette utfor, og så var det nokon der og tok imot oss, fortel Bjørg.
Kunnskapsbaserte familiesamtaler i regi av Psykisk helse for barn og unge er eit tilbod til barn under 18 år som har fått diagnosen psykose og deira næraste pårørande. Målet er å betre forløpet av den psykiske lidinga ved å redusere kor hyppig tilbakefalla kjem og å betre pasienten si evne til å fungere både sosialt og i aktivitetar.
– Det å få eit sjukt barn var vanskeleg, seier Bjørg.
– Gjennom samtalene fekk vi hjelp til å arbeide oss gjennom sorga. Dette var veldig viktig for oss og heilt avgjerande for å vere gode foreldre vidare. Vi lærte å bli trygge nok til å møte uroa hans og svingingane i kjenslelivet.
Ifølgje Bjørg var familiesamtalane også prega av å finne Christer sine ressursar:
– Slik kunne vi som foreldre styrkje desse ressursane saman med han, trass i at han var sjuk.
Ein styrke
Bjørg skildrar atmosfæren under samtalene som god og avslappa, og med utruleg flinke terapeutar. Ho og mannen kom til samtale kvar 14. dag i to år. Av og til var Christer sjølv med, men oftast ikkje. Også bror og søster til Christer var med enkelte gonger.
Familien opplevde også kunnskapen dei fekk som ein styrke i forhold til omverda.
– Vi har heile tida vore opne om Christer sin sjukdom, fortel Bjørg.
– Og dess meir vi lærte, dess meir kunnskap og tryggleik kunne vi gi vidare til dei som spurte. Det gjorde det også lettare for resten av familien å involvere seg, til å stå parat når vi trengte dei.
Christer bur i dag i bufellesskap i eiga leilegheit, der han får høve til å utnytte dei ressursane han har. Han har god kontakt med både foreldre, søsken og resten av familien.
Publisert
13.04.2011 14:51 |
Endret
02.05.2011 14:30