Aukar sjansane for å bli frisk 

 
”Kari” er 19 år. Ho heng ikkje lenger med på skulen, og blir ofte liggjande i senga utover dagen. Innimellom høyrer Kari stemmer. Mor til Kari er bekymra. Ho får ikkje kontakt. Kva skal ho gjere? 
Av Anette Hellstrøm, Kommunikasjonsavdelinga
 

”Kari” er ikkje ekte. Men ho er eit typisk eksempel på korleis schizofreni kan starte med ein psykose.

Alvorleg psykisk liding
Schizofreni er namnet på ei gruppe alvorlege psykiske lidingar som inneber store
endringar i oppfatning, tankar, kjensler og åtferd. For å få diagnosen schizofreni må ein ha hatt psykotiske symptom i minst ein månad.

– Schizofreni er ei av våre mest alvorlege psykiske lidingar. Sjukdommen får omfattande konsekvensar for dei det gjeld og familien deira, seier direktør i Psykiatrisk divisjon ved Haukeland

illustrasjonsfoto
 Illustrasjonsfoto: Colourbox

universitetssjukehus, Hans Olav Instefjord.

Nytt behandlingstilbod
Psykiatrisk divisjon jobbar med å utvikle rutinar for tidleg oppdaging, diagnostisering og behandling av unge menneske med schizofreni-spektrum lidingar. Som eit ledd i dette arbeidet skal det opprettast ei ny avdeling.

– Avdeling for Tidleg Psykose (ATP) vil bli ein del av Psykiatrisk klinikk, og skal ha ansvar for heile Helse Bergen sitt opptaksområde. Når det nye behandlingstilbodet kjem på plass hausten 2012, skal det vere blant dei fremste i Noreg for målgruppa 15-30 år, seier Instefjord. 

Tidleg oppdagingsteam
– Tidleg oppdaging minskar belastninga for både pasienten og familien deira, og vil moglegvis på lang sikt også betre behandlingseffekten. Tidleg oppdaging vil derfor vere fundamentet i den nye avdelinga, forklarar prosjektleiar Brede Aasen.

Ved sidan av å vere assisterande klinikkdirektør i Psykiatrisk klinikk, skal han leie arbeidet med den nye avdelinga fram mot opninga i 2012.
 
– ATP skal ha eit tidleg oppdagingsteam (TOPS) som er ambulerande og gjer ei førstevurdering der det er mistanke om psykose eller psykoseutvikling. Her vil alle som er bekymra for seg sjølv eller andre kunne ringje og få råd og hjelp. Ved førstegangspsykose ønskjer vi å ha moglegheit til å få vedkommande inn til behandling og vidare utgreiing utan unødig ventetid. Målet er å hindre, mildne eller forseinke lidinga slik at ein kan få behandling utan å bli innlagt på sjukehus. Samstundes vil vi vidareutvikle døgndrifta og gi et meir heilskapleg tilbod til ungdommane også i fasar der dei er veldig sjuke, seier Aasen.

Familieterapi
Årsakene til schizofreni er enno ikkje klarlagt, men ein veit at dei er samansette. Forsking på tvillingar tyder på at inntil 80 prosent av sjukdomsårsakene heng saman med arvelege faktorar.

Når eit familiemedlem får ei alvorleg liding kan heile familien bli sett i ein vanskeleg situasjon. Mange familiar kan derfor ha nytte av psykoedukativ behandling eller familieterapi.

– ATP vil tilby psykoedukativ undervisning og arbeidsgrupper til pasientar og pårørande.
Det er eit viktig ledd i behandlingsprosessen at familien aksepterer sjukdommen og er tolerante overfor den som har diagnosen. På denne måten vil tilbakefall kunne bli redusert. I tillegg vil pasientane få samtaleterapi for blant anna å auke sjølvkjensla, styrkje forståinga av seg sjølv og gjere det lettare å leve med sjukdommen, seier Aasen.

Gjennom eit tett samarbeid med dei distriktspsykiatriske sentra og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) vil den nye avdelinga skreddarsy ein behandlingsplan og finne rett behandlingsstad for pasienten. Då er det med andre ord håp for den fortvila mora du møtte innleiingsvis. Om ikkje lenge vil mor til ”Kari” kunne ringe TOPS-teamet i ATP:
– Dottera mi oppfører seg så merkeleg for tida og eg har vanskar med å få kontakt med ho. Kan de hjelpe?
– Alle som er bekymra for seg sjølv eller andre vil kunne ta kontakt med oss så fort vi er i funksjon, seier Aasen.


Publisert 13.04.2011 14:24 | Endret 02.05.2011 14:29 

 Her finn du meir informasjon om schizofreni

TOPS-teamet
• Inspirasjonen til å opprette eit TOPS-team i Bergen kjem i frå Tidlig intervensjon og behandling
av psykosar, også kalla TIPS-prosjektet, i Stavanger.
• I 1997 vart det etablert eit lågterskel oppdagingsteam ved Psykiatrisk divisjon på Stavanger
universitetssykehus.
• Eit av hovudmåla med TIPSprosjektet var å sjå om ein kunne få folk til å be om hjelp tidlegare i forhold til førstegangs psykose. Gjennom store informasjonskampanjar fekk man varigheita av ubehandla psykose til å gå ned i frå 26 veker til berre fem veker (median verdi).
 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo