Foto: Siv Dolmen/Stiftelsen Organdonasjon
Til ei kvar tid står over 300 menneske i Noreg på venteliste for organtransplantasjon.
For å bli donor, må ein person vere påvist hjernedød. Det vil seie sikker sjukdom/skade i hjernen, ingen respons frå hjernenervane ved testing og ingen blodsirkulasjon ved hjerneangiografi. Om du sjølv ikkje har sett deg opp som donor blir det opp til dine pårørande. Dei blir spurde om dei veit, eller kan tenkje seg, kva avdøde ville ha meint om organdonasjon, og dei svarer ja eller nei på vegne av avdøde.