Nye byggeprosjekt 

Med eit investeringsbudsjett på 2,5 milliardar kroner er det mykje som skal byggast i Helse Bergen dei neste fire åra. Øvst på lista står nytt barne- og ungdomssenter.



Eit nytt barne- og ungdomssenter har vore under planlegging sidan 1990-talet. Både Psykiatrisk klinikk og Barneklinikken blir rive for å gjere plass til det nye moderne barnesjukehuset som er det største byggeprosjektet for Haukeland sidan Sentralblokka. 


– Ei enorm vitamininnsprøyting, jubla administrerande direktør Stener Kvinnsland då statsministeren lova 700 millionar kroner til det nye barne- og ungdomssenteret i statsbudsjettet for 2011. Pengane blir gitt som lån. Første byggetrinn startar i februar. Psykiatrisk klinikk må rivast for å få plasstil den nye barnepsykiatriske delen nord for Sentralblokka. Byggetrinnet vil koste 1,4 milliardar kroner og stå ferdig i 2014. Fullt utbygd vil senteret utgjere 66.000 kvadratmeter og er kostnadsrekna til 3,4 milliardar kroner. Planen er at heile senteret skal vere ferdig i 2020.

Nye Haukeland på kartet


To nye senter
Danmarksplass er gravemaskinene alt godt i gang med grunnarbeidet til eit nytt moderne psykiatrisk sjukehus. Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) er i dag spreidd på ulike stader i Bergen og omkrins. I løpet av sommaren 2013 skal heile Kronstad DPS samlast i det nye bygget som er på storleik med Bergen tinghus.

– Vi har lagt stor vekt på at nybygget skal få ei utforming som tar omsyn til å redusere støy frå trafikken. Alle pasientrom er plasserte med fasaden vendt bort frå Fjøsangervegen. I tillegg er det viktig for oss å skape eit inneklima som kompenserer for den luftforureininga trafikken lagar, seier direktør i Drift-/ teknisk divisjon, Askjell Utaaker.

Alt til neste år skal Øyane distriktspsykiatriske senter stå klart. Fjell kommune står som utbyggjar for senteret som Øyane DPS skal vere leigetakar i. Tilbodet omfattar poliklinisk behandling, ambulant team og 20 sengeplassar for kort- og langtidsbehandling. Senteret skal vere eit tilbod for vaksne personar over 18 år og gjeld for innbyggjarane i kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden.





Nybygg for unge schizofrene
Arbeidet med eit nytt bygg for unge schizofrene er nett starta ved Sandviken Eininga skal ha 16 døgnplassar og skal fungere som ein tvillingpost med ein open og ein lukka post. I tillegg skal det vere ein gymsal i bygget som alle pasientane ved Sandviken kan bruke. Bygget skal vere 2500 kvadratmeter og liggje opp mot fjellet i enden av parkeringsplassen mot
aust.
– Bygget er ein del av planen om å samle all vaksenpsykiatri på Sandviken, fortel Utaaker.


Ombygging av Sentralblokka
Store areal i Sentralblokka er frigjort etter at Laboratoriebygget vart tatt i bruk i fjor. Mest ledig plass er det i 2. etasje. Her er det planlagt eit nytt dagkirurgisk senter med blant anna seks nye operasjonsstover, i tillegg er ein mottaksklinikk for pasientar under planlegging.

– Samla investering for ombygging av Sentralblokka er ikkje avklart, men vil nok totalt liggje på rundt 650 millionar kroner.

 
Denne hausten startar arbeidet med å byggje helikopterlandingsplass på taket til Sentralblokka. Målet er å sikre dei mest skadde og sjuke pasientane rask og effektiv tilgang til Akuttmottaket.

Les også: Går inn for nytt senter for dag- og thoraxkirurgi


Meir plass til ruspasientar
Arbeidet med å pusse opp og utvide Floenkollektivet på Radøy er alt i gong.
– Det er svært viktig for oss å forsterke kollektivet slik at fleire pasientar kan bli behandla for rusproblema sine. I løpet av neste år skal det stå ferdig eit bygg med tolv rom pluss tilhøyrande fellesrom, fortel Utaaker.

Endeleg MR-maskin på Voss
MR-maskinen har vore på vossingane si ønskjeliste i fleire år. I sommar starta endeleg arbeidet med tilbygget som skal romme ei MR-maskin. Bygget er ei forlenging av Radiologisk avdeling på Voss og vil vere 150 kvadrat over to etasjar. MR-maskina blir etter planen levert til Voss sjukehus i siste halvdel av 2011.
– Dette er dei største prosjekta som vi no arbeider med. I tillegg er det mange andre mindre byggeprosjekt som skal gjerast ferdige, og planane kan også endre seg, fortel Utaaker.

Alle byggeprosjekt er ein del av den overordna arealplanen. Denne planen blir rullert fortløpande og omfattar totale investeringar i Helse Bergen innafor ei tidsramme på 10-15 år.

Byggeprosjekt - Bruk for å vise en dynamisk visning av innhold fra området på en webside  Byggeprosjekt

Nye bygg  Nye bygg

Visste du at..  Visste du at..

Sentralblokka er
det største huset
i Bergen? Arealet
tilsvarer over 18
fotballbaner med
internasjonale mål.

Tomta på Krohnsminde
er sentralt plassert
og lokalsjukehuset blir
lett å nå med
bybanestopp like
utanfor inngangsdøra.
Prislapp:
410 millionar kroner.



Fleire tema - Bruk for å vise en dynamisk visning av innhold fra området på en webside  Fleire tema

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo