Forskingsdagene er ein nasjonal, årleg festival der forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar viser fram verksemda si for eit allment publikum. Arrangementa spenner i alt frå foredrag, debatter og opent hus til revyar, torgbodar og konkurransar.
Målsettinga med festivalen er å vekke nysgjerrigheit, interesse og forståing for forsking. Dette blir gjort gjennom å formidle kva forskinga betyr for oss i våre daglege liv, og ved å vise samanhengen mellom forsking, innovasjon og næringsliv.
Det er Kommunikasjonsavdelinga som koordinerer sjukehuset sine bidrag til Forskingsdagene.
Årets tema for Forskingsdagene er: Kjemi.
Besøk Forskingsdagene i Bergen sin nettstad.