For pasienten 

 
Ufrivillig vekttap i samband med sjukdom og behandling veit me at mange pasientar opplever. Så mange som kvar fjerde pasient innlagt i Helse Bergen er i risiko for eller har utvikla underernæring.
 

Det kan vere mange grunnar  til at ein taper vekt. Vanlege grunnar er kvalme, liten appetitt, biverknad av behandling  og /eller sjukdomen i seg sjølv.

Undersøkingar

Vekt
Me ønskjer å  vege deg regelmessig. Minst ei gong i veka bør du som pasient gå på vekta. Dersom dette ikkje blir gjort, vil me gjerne at du minner oss om dette, slik at det blir gjort regelmessig. Er du i risiko, anbefaler me at du følgjer med på vekta di og veg deg regelmessig også når du ikkje er innlagt hjå oss.

Høgde
Me vil gjerne vite kor høg du er for å kunne rekne ut kroppsmasseindeksen din (KMI eller BMI). Kjenner du høgda di? Mange av oss har ikkje målt høgda vår så mange gonger i livet. Er du pårørande? Sjå i passet til den du er pårørande til, eller spør om høgda frå sesjonen, det er det mange som hugsar. Me har alternative måtar å måle høgde på om høgda ikkje er kjent.

Vekttap
Me vil høyre med deg om du har gått ned i vekt, frivillig eller ufrivillig. Vert kleda for store? Må du stramme beltet meir enn vanleg? Heng klokka lausare rundt handleddet? Eller er ringen lausare rundt fingeren? Dette er varsko om vekttap. Vekttap i samband med sjukdom er ikkje ønskjeleg.

Matinntaket
”Utan mat og drikke duger helten ikkje”. Me vil gjerne få vite om du har redusert mattinntaket ditt.  Om appetitten er god eller dårleg. Er du kvalm/uvel og ikkje orkar for eksempel varm mat. Me vil gjere vårt beste for å leggje til rett for deg og din situasjon.  Har du allergiar, må me få vite dette, slik at maten kan tilpassast dette.


Publisert 20.05.2010 12:34 | Endret 30.06.2010 13:44 

 Relaterte sider

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo