Subutex har fått konkurranse av det generisk likeverdige preparatet
Buprenorphine. Av omsyn til pris vil
Avdeling for rusmedisin frå
januar 2012 sette i verk ein prosess som siktar mot å få alle våre
pasientar som no står på Subutex over på Buprenorphine.
Vi vil også la pasientar som bruker Metadon Martindale skifte over
til Metadon DNE.
Pasientar i legemiddelassistert rehabilitering er sårbare for endring
av sine LAR-medisinar. Fastlegar vil nok få spørsmål knytta til bytte
av desse preparata. Vi ber fastlegane bidra til å gjere pasientane
trygge på at dei ikkje skal merke noko endring i virkning eller dosering når dei får tilbod om samme preparatet, men med endra salsnamn.
Publisert
20.01.2012 08:25 |
Endret
23.01.2012 20:29