|
| Foto: colourbox.com |
Prosjektet ”Samstemmingav legemiddellister” er ein del av den nasjonale pasientsikkerheitskampanjen”I trygge hender”. Hensikten er å redusere pasientskadar og bygge varige system for betre pasientsikkerheit i helsetenesta. Kampanjen starta i 2011, initiert av helse og omsorgsministeren, og varer ut 2013.
Manglande samstemming av legemiddellister er eit betydeleg problem både nasjonalt og internasjonalt i følge ekspertgruppa for samstemming av
legemidlar i Pasientsikkerheitskampanjen.
Frå 11. januar 2012 blir det utførtmålingar ved alle sjukehus i Helse Vest.
- Vi har som mål at sjukehuset, fastlegen, heimetenesta, sjukeheimen, pårørande og pasienten sjølv skal ha lik informasjon om pasientar sine faste medisinar. I dag manglar vi desse rutinene, men no startar arbeidet med å få dei på plass, seier
Torhild Vedeler som er korordinator for pasientsikkerheitskampanjen i Helse Bergen og prosjektleiar for”Samstemming av legemiddellister”.
Samstemming av legemiddellister i praksis:
- Fastlegen gir oppdaterte medisinlister til sine pasientar. Pasient tar vare på medisinlista i eiga veske eller lommebok og kan syne den fram ved behov.
- Lista er utgangspunkt for ”fastemedisiner” i sjukehusjournalen. Sjukehuslegen skal grunngje endringar av legemidlar og føre det i journal.
- Lege som skriv pasienten ut frå sjukehuset (skriv epikrise) har ansvar for at pasienten reiser heim med oppdatert medisinliste.
I Helse Bergen startar prosjektet i januar 2012 og varer i 9 månader. I denne perioden skal det registrerast:
1. Talet på pasientar som har med medisinliste frå fastlegen ved innlegging sett i forhold til alle innleggingar i same tidsperiode. Registreringa blir gjort kvar fjortande dag i akuttmottak til ein har fått 25 pasientar med legemiddellister.
2. Talet på pasientar som får med seg medisinlister ved utskriving frå sjukehuset sett i forhold til alle innleggingar i same tidsperiode.
3. Kvar tredje månad kontroller ein lege epikriser og setter ”score” på legemiddellista etter desse kriteria:
- Kjelde til medisinlista er oppgitt
- regnskapet går opp
- endringar er begrunna
- dosering og indikasjon angitt
- salgsnamn og generisk namn er oppgitt.
- Informasjonen vi får ved desse teljingane vil bli diskutert med praksiskonsulentane. Saman tar vi sikte på å utarbeide gode strategiar for betre samstemming av legemiddellister, seier Vedeler.
Publisert
20.01.2012 08:30 |
Endret
23.01.2012 20:42