Ambulante tenester 

 
Spesialisthelsetenesta har etablert ambulante team både for vaksne og barn/ungdom. Målsettinga er at samhandling rundt den enkelte pasient skal vere tett og forpliktande på tvers av nivå.
 

Her er ein oversikt over ambulante team i regi av Helse Bergen:

1. Fysikalsk Medisin og Rehabilitering
Ambulant team - rehabilitering etter hjerneslag

Foreløpig er arbeidet i Ambulant team knytt til forskingsprosjektet Slagbehandlingskjeda - Bergen.  Prosjektet undersøker effekten av tidlegare utskriving frå sjukehuset for intensivert rehabilitering i heimkommunen. 

Målgruppe er pasientar som får tilbod om intensivert rehabilitering i heimkommunen, får tilbod om oppfølging av teamet. Pasientane rekrutterast frå Nevrologisk avdeling, Slageininga, Haukeland Universitetssjukehus.


2. Ambulant team - Habiliteringstenesta for vaksne
Det ambulante teamet har vore i funksjon sidan 1992, då Habiliteringstenesta vart oppretta som ei følgje av HVPU-reforma. Teamet har lang erfaring med samhandling med kommunane i Hordaland.

Målgruppe er vaksne personar med medfødt eller tidleg erverva funksjonshemning som treng spesialisert habilitering. Den største målgruppa er personar med utviklingshemning og ulike tilleggsvanskar. Også personar med autisme, sjeldne syndrom og funksjonshemningar er målgrupper for det ambulant teamet.


3. Psykiatrisk akutteam - voksne (PAT)
Teamet starta opp i september 2005 som et nytt akuttpsykiatrisk tilbod i Psykiatrisk divisjon. Akutteamet er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Bergen kommune, Solli sjukehus og Betanien Distriktspsykiatriske senter. Teamet har i dag ti tilsette.

Teamet består av spesial- og psykiatriske sjukepleiarar. Ein psykiater er faglig ansvarlig for teamet. Teamet sin hovudfunksjon er å hjelpe andre instansar med å forhindre innlegging på sjukehus, og følgje opp etter utskriving ved korte innleggingar dersom andre instansar ikkje er aktivisert.

4. Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge
Ambulante tenester

Målgruppe er barn og unge mellom 13-18 år som har problem på fleire arenaer, som i periodar ikkje kan nyttiggjere seg poliklinisk behandling. Det gjeld også barn og unge som har prøvd det meste utan at det har hjelpt og når innlegging i sjukehus ikkje er ønskelig.


Publisert 09.06.2010 12:33 | Endret 18.01.2011 13:12 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo