Leverandørkontakt 

Vi har ein visjon om å "få mest muleg helse ut av kvar krone, gjennom ein rasjonell, effektiv og økonomisk innkjøpsprosess".

Her ser du produksjonsmiljø for legemiddel på PET-senteret
For å oppnå denne visjonen ønskjer vi marknadsorienterte leverandørar.

Marknadsorientering er definert som:

"Ein organisasjon si innhenting av marknadsinformasjon, diffusjon/spreiing av marknadsinformasjon innad i organisasjonen, og respons i form av forbetra marknadstilbod."

Helse Bergen stiller store krav til eigen logistikk, og vi forventar at leverandørane våre gjer det same. Dess flinkare leverandørar vi har, dess betre kan vi disponere ressursane våre.

Aktuelle anbod er tilgjengeleg på www.doffin.no

 Etikk

Etiske retningslinjer for leverandørane våre:

God etikk er å vere lojal mot dei innkjøpsrutinar, reglar og ordningar som gjeld for Helse Bergen HF.
 
God etikk er å gi fullstendig og korrekt informasjon i innkjøpsprosessen.
 
God etikk er å forvalte Helse Bergen HF og leverandøren sine ressursar på ein best muleg måte.
  
God etikk er å behandle kommersiell marknadsinformasjon på ein slik måte:

  • At framtidig konkurranse blir ivaretatt  
  • At avtaleprisar held fram med  å vere konfidensielle
  • At sjukehuset sitt val av produkt og avtaleleverandør blir respektert av alle marknadsaktørar.

At åtferd som viser at ein ønskjer å be sjukehuset om informasjon vedrørande konkurrentane sine avtaleprisar blir oppfatta som uakseptabel og bryt med Lov om offentlege anskaffelser.
  
Leverandøren skal ikkje tilby nokon former for økonomiske fordelar som kan skade framtidig konkurranse eller skade sjukehuset slik at det etiske ryktet blir svekka. Økonomiske fordelar blir skildra her som: Gåver, tilbod om reiser eller ulike former for sponsing.
   
Skriftlege invitasjonar frå leverandør til Helse Bergen HF skal alltid sendast til postmottak, adressert til administrande direktør. Det er direktøren sitt ansvar å gi aksept for reiser og kurs betalt av våre leverandar. Aksept kan berre bli gitt dersom følgjande kriterium er oppfylt:
 

  • Invitasjonen er fagleg relevant og ville normalt blitt prioritert innanfor ordinære budsjett.
  • Invitasjonen skal ikkje medføre bindingar eller inhabilitetsproblem for personar eller avdeling som blir invitert.
  • Invitasjonen må ikkje oppfattast av andre som konkurransevridande eller som forskjellsbehandling.
  • Invitasjonen er ein del av eit skriftleg tilbod eller ei delyting av inngått innkjøpsavtale.
  • Invitasjonen må ikkje vere kopla mot pågåande eller framtidige innkjøp.

Alle førespurnader frå Helse Bergen HF som blir meldt leverandøren vedrørande økonomisk støtte skal vere skriftlege.
     
God etikk er å ikkje blande personlege og faglege interesser m.o.t. innkjøp.
  
Interressekonflikter skal ikke forekomme. Herunder inngår forhold som innbefatter at leverandøren har private eller familiere interresser som kan påvirke anskaffelsen.

 Innkjøpsavdelinga

Kontakt oss:
Telefon 55 97 67 00
Måndag til fredag:
kl. 9 - 14
Faks: 55 97 61 92

E-post:
innkjop@helse-bergen.no

Postadresse
Økonomi og finansavdelinga
Seksjon for innkjøp
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo