Forenkling av tilvisingsrutinar for ryggpasientar til Helse Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus (HUS), vil prøve ut ei ordning i eitt år frå 10.11.10 der tilvisingar for utgreiing av korsrygglidingar i 2. linjetenesta blir sendt til éi postadresse:
Ryggmottaket
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen
Føremålet med den nye ordninga er å betre samhandlinga mellom 1. og 2. linjetenesta og i større grad utnytte kapasiteten på HUS slik at flest mogleg pasientar kjem til behandling til rett tid, på rett stad og med kortast mogleg ventetid.
Nakke- og ryggpoliklinikken (NRP) ved Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, HUS på Nordås, har fått ansvaret for å vurdere søknadar sendt RYGGMOTTAKET. Tilvisingane blir straks fordelte til rette spesialist (nevrolog, nevrokirurg, ortoped ved HUS eller Hagevik, NRP).
Faglege prinsipp for vurdering og utgreiing av korsrygglidingar er skildra i ”Nasjonale kliniske retningslinjer. Korsryggsmerter - med og utan nerverotaffeksjon” (2007). Sjå: www.formi.no. Tilrådingane nedanfor og omgrepa ”gule/raude flagg” er henta frå desse retningslinjene.
Elektive tilvisingar til Ryggmottaket :
Når det ikkje er betring av tilstanden, skal korsryggpasientar tilvisast så raskt som mogleg etter 6-8 veker. Tidleg tilvising er spesielt viktig ved "gule flagg":