Pasientsikkerheit 



27. januar 2011 ble pasientsikkerheitskampanjen i trygge hender lansert av Helse- og omsorgsdepartementet på Haukeland universitetssjukehus. Kampanjen skal vare i tre år og involverer både spesialist- og primærhelsetjenesta.

Kvalitetsprisar til Haukeland  Kvalitetsprisar til Haukeland

Haukelandslegane Guttorm Brattebø ved Akuttmedisinsk seksjon og Hans Flaatten ved Intensivmedisinsk seksjon vart tildelt kvalitetsprisen på kvalitetskonferansen i Helse Vest i februar. Brattebø vart heidra med prisen på grunn av arbeidet med det såkalla BEST-prosjektet,

Guttorm Brattebø og Hans Flaatten. Foto: Haakon Nordvik
som han var med å starte i 1996. BEST står for ”Bedre og systematisk teamtrening”. Hans Flaatten har vore ein pioner i forsking på langtidsresultat av intensivopphald, og han har vore ein sentral person i arbeidet med å byggje opp, drifte og leie Norsk Intensivregister. Flaatten har òg vore sterkt med i arbeidet med avviksregistrering i Noreg ved å innføre anonym avviksregistrering ved Haukeland universitetssjukehus si intensivavdeling alt i 1994.
Les meir om prisen og vinnerane.

Video fra opninga av pasientsikkerheitskampanjen

Aktuelt  Aktuelt

Lenker - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Lenker

237 saker til NPE  237 saker til NPE

Helse Bergen var behandlande sjukehus i 237 nye saker hos Norsk pasientskadeerstatning (NPE) i 2010. Dette er ein auke på 38 saker frå 2009. Auken i NPE saker kan gjenspegle at sjukehuset er flinke til å informere pasientane om rettane deira. Det kan også gjenspegle at sjukehuset generelt er ope om feil.

 10 råd til deg som pasient

1. Informer om deg sjølv!
• Kva for medisinar du tek
• Alternativ behandling
• Anna du gjer for å betre di eiga helse
2. Spør til du skjønar!
• Om du er uroleg eller lurer på noko
• Når du ikkje veit sikkert om du har forstått helsepersonellet
• Skriv ned informasjonen du får og spørsmål du vil stille
3. Sjekk at du er deg!
• Vær sikker på at behandlinga er meint til deg
• Pass på at identiteten din blir sjekka ved utgreiingar og taking av prøver
4. Sjekk medisinen!
• Er den din?
• Kvifor skal du ta den?
• Kva verknad har den?
• Er det rett dose?
5. Pårørande kan hjelpe deg!
• Å hugse detaljar
• Å tale di sak når du sjølv ikkje har krefter
6. Få kjennskap til kva som feilar deg!
• Lær om diagnosen
• Spør om utgreiing og handsaming
• Be legen teikne med spritpenn på deg om du skal opererast
7. Sei ifrå om smerter og plager!
• Ta det omatt om naudsynt
• Be legen skrive det i rapport eller journal
8. Kva skjer etter sjukehusopphaldet?
• Kva for smerter og plager kan koma?
• Skal du gjere noko med kosthaldet?
• Kor aktiv kan du vere?
9. Når du treng akutt helsehjelp:
• Kven skal du ta kontakt med?
• Kva for informasjon treng dei?
10. Still spørsmål om kvalitet!
• Kven har ansvaret for deg?
• Kva for erfaring har dei med din sjukdom?
• Spør kven som skal operere deg og skriv det ned

Frå www.pasientsikkerhetskampanjen.no i trygge hender.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo