Alle sjukehus er lovpålagt å melde frå til Helsetilsynet om alvorlege hendingar som har ført til eller kunne ha ført til betydeleg personskade i tråd med meldeplikta i § 3-3 i Lov om spesialisthelsetenesta.
I 2011 hadde Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus meir enn 600 000 pasientkontaktar. Dei aller fleste av desse kontaktane går slik dei skal, men i nokre tilfelle har det skjedd noko som gjer at pasienten fekk eller kunne ha fått ein skade.
Vi ønskjer å vere opne også om dei alvorlege hendingane, og publiserer derfor anonymiserte versjonar av dei meldingane vi sender til Helsetilsynet. Unntaket er meldingar om sjølvmord.
Meldingane blir behandla i vårt Utval for pasientsikkerheit før dei blir sendt til Helsetilsynet. Det betyr at det tar ei tid frå hendingane skjer til dei blir publiserte.