På grunn av ei hjarteliding blei pasienten behandla med acetyl salicylsyre i samsvar med nasjonale retningsliner. På grunn av symptoma frå nervesystemet var det òg indikasjon for å behandle med eit middel mot epilepsi (valproat). Pasienten vart så innlagt akutt som følgje av symptom på forgifting. Dette blei sett i klinisk samanheng med uheldig samvirke mellom dei to medikamenta. Laboratorieundersøkingar stadfesta samanhengen mellom symptoma til pasienten og kombinasjonen av dei to medikamenta. Ein slik interaksjon er omtala i faglitteraturen, men førekjem sjeldan. Pasienten fekk riktig behandling av komplikasjonen, og kom ikkje varig til skade. Sjukehusopphaldet vart likevel forlenga.
Vurdering
Det er mange mogelege samverknader av ulike medikament og det vil derfor vere uråd for legane alltid å kjenne risikoen fullt ut. Felleskatalogen på nett har nyleg lagt betre til rette for å avklare interaksjonar mellom ulike medisinar. Denne nye funksjonen på Felleskatalogen si nettside vil truleg gje legane eit betre grunnlag for å vurdere risikoen for liknande interaksjonar.
Publisert
18.04.2012 13:56 |
Endret
20.04.2012 10:05