Med eit investeringsbudsjett på 2,5 milliardar kroner er det mykje som skal byggast i Helse Bergen dei neste åra. Øvst på lista står nytt barne- og ungdomssenter.

Eit nytt barne- og ungdomssenter har vore under planlegging sidan 1990-talet. Både Psykiatrisk klinikk og Barneklinikken blir rive for å gjere plass til det nye moderne barnesjukehuset som er det største byggeprosjektet for Haukeland sidan Sentralblokka.
– Ei enorm vitamininnsprøyting, jubla administrerande direktør Stener Kvinnsland då statsministeren lova 700 millionar kroner til det nye barne- og ungdomssenteret i statsbudsjettet for 2011. Pengane blir gitt som lån. Første byggetrinn startar i februar. Psykiatrisk klinikk må rivast for å få plasstil den nye barnepsykiatriske delen nord for Sentralblokka. Byggetrinnet vil koste 1,4 milliardar kroner og stå ferdig i 2014. Fullt utbygd vil senteret utgjere 66.000 kvadratmeter og er kostnadsrekna til 3,4 milliardar kroner. Planen er at heile senteret skal vere ferdig i 2020.
Nye Haukeland på kartet
To nye senter
På Danmarksplass er gravemaskinene alt godt i gang med grunnarbeidet til eit nytt moderne psykiatrisk sjukehus. Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) er i dag spreidd på ulike stader i Bergen og omkrins. I løpet av sommaren 2013 skal heile Kronstad DPS samlast i det nye bygget som er på storleik med Bergen tinghus.
– Vi har lagt stor vekt på at nybygget skal få ei utforming som tar omsyn til å redusere støy frå trafikken. Alle pasientrom er plasserte med fasaden vendt bort frå Fjøsangervegen. I tillegg er det viktig for oss å skape eit inneklima som kompenserer for den luftforureininga trafikken lagar, seier direktør i Drift-/ teknisk divisjon, Askjell Utaaker.
Nybygg for unge schizofrene
Arbeidet med eit nytt bygg for unge schizofrene er starta ved Sandviken Eininga skal ha 16 døgnplassar og skal fungere som ein tvillingpost med ein open og ein lukka post. I tillegg skal det vere ein gymsal i bygget som alle pasientane ved Sandviken kan bruke. Bygget skal vere 2500 kvadratmeter og liggje opp mot fjellet i enden av parkeringsplassen mot
aust.
– Bygget er ein del av planen om å samle all vaksenpsykiatri på Sandviken, fortel Utaaker.
Meir plass til ruspasientar
Arbeidet med å pusse opp og utvide Floenkollektivet på Radøy er alt i gong.
– Det er svært viktig for oss å forsterke kollektivet slik at fleire pasientar kan bli behandla for rusproblema sine, fortel Utaaker.
Alle byggeprosjekt er ein del av den overordna arealplanen. Denne planen blir rullert fortløpande og omfattar totale investeringar i Helse Bergen innafor ei tidsramme på 10-15 år. |
|