Kronisk utmattingssyndrom ME 

Kreftmedisin gir resultat for ME-pasientar

I 2004 vart ein pasient med kronisk utmattingssyndrom (ME) vesentleg betre av MEen sin då ho fekk behandling mot lymfekreft. Dette var startskotet til eit forskingsprosjekt som no viser positive behandlingsresultat for fleire ME-pasientar, utan alvorlege biverknader.


Mella og Fluge. Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Resultata av forskingsprosjektet vart publisert i det prestisjetunge tidsskriftet PLoS One 19.10.2011.

Per i dag er det inga etablert eller akseptert behandling med medisin ved ME og årsaka til sjukdommen er ukjend.

Kva skuldast betringa?
– Pasienten fekk fire ulike kombinasjonar av cellegift og under ein av desse kombinasjonane vart ho heilt overraskande for både seg sjølv og oss klart betre av ME-en sin, fortel overlege dr.med. Øystein Fluge ved Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus.

Frå å vere rullestolbrukar kom Fluge sin pasient seg opp, gjekk turar og tok opp igjen gamle hobbyar. Ho hadde ein god periode som varte i fire månader etter avslutta behandling, før ME-symptoma gradvis kom tilbake.
Saman med avdelingsdirektør og professor Olav Mella ved Kreftavdelinga leier Fluge forskingsgruppa som no har gjennomført både ein pilotstudie på tre ME-pasientar og deretter ein klinisk studie på ytterlegare 30 ME-pasientar.

– Vi bestemte oss for å prøve å finne ut kva betringa til den første pasienten skuldast, fortel Mella.

– Kva for ein av medisinane var det pasienten responderte på?

Radikal forbetring
Forskarane tok utgangspunkt i at årsaka til betringa kanskje var at dei påverka ein spesiell del av immunapparatet til pasienten, det som blir kalla B-lymfocyttane (ein celletype i immunapparatet). Dei gav pasienten antistoffet Rituximab, Denne immunregulerande medisinen reduserer B-

lymfocyttane, og nokre månader etter behandling begynte pasienten å kome seg på akkurat same måte som ho hadde gjort under cellegiftbehandlinga. Akkurat som sist varte betringa i tre-fire månader, og så vart ho dårleg igjen. Dei to andre pilotpasientane opplevde same radikale symptomforbetring.

– Det som var spesielt var at det ikkje berre var enkeltsymptoma som gav seg under behandlinga, men alle symptoma ME hadde gitt, fortel Fluge.
Pasientane opplevde markert betring av fatigue og utmatting, vesentleg betring av kognitive funksjonar som konsentrasjon, hugs og evne til å tenkje klart, i tillegg til betring av andre symptom som smerter, diare, sveitting, varheit for lyd- og lys og søvnproblem.

Kan seie noko om årsaka
Ifølgje Fluge gir den radikale forbetringa dei fann hos dei tre pilotpasientane ein sterk indikasjon på at B-lymfocyttane spelar ein viktig rolle i ME sitt sjukdomsbilete. 

– Og det at vi ser respons på denne typen behandling kan også seie noko om årsaka til sjukdommen, som er svært viktig for denne pasientgruppa, legg Mella til.

I samarbeid med Nevrologisk avdeling har Kreftavdelinga no gjennomført ein studie av behandling med antistoffet Rituximab hos 30 pasientar. Pasientane vart observert i minst eitt år etter intervensjonen.

– Studien er no ferdig analysert . Resultata viser at behandlinga har gitt klar

 Mella og Fluge
 Fluge og Mella. Foto: Tor Erik H. Mathiesen
forbetring hos om lag 2/3 av pasientane, fortel Mella.
Responsen på behandlinga har hatt ulik varigheit frå minimum 2-3 månader og opptil meir enn 12 månader, og to pasientar har ikkje fått tilbakefall etter meir enn to års observasjon.

– På bakgrunn av pasientobservasjonar og gjennomgang av litteratur er hypotesen vår at ME i utgangspunktet er ein immunologisk, sannsynlegvis autoimmun sjukdom hos mange pasientar, seier Mella.

– Ofte blir den utløyst etter infeksjonar.

Ny studie
25 pasientar er no inkludert i ein ny klinisk studie som utvidar konseptet med B-celle reduksjon ved ME. I tillegg til to Rituximab infusjonar med to vekers mellomrom, vil pasientane i denne studien også få vedlikehaldsinfusjonar med Rituximab etter tre, seks, 10 og 15 månader.

– Studien vi alt har gjennomført beviser at behandlinga verkar, seier Mella.

– Den pågåande studien der pasientane får meir langvarig behandling vil vise kor bra og langvarig forbetringa kan bli.

Mella påpeikar òg at behandlinga førebels ikkje er godkjend.

– Pasientane blir behandla som ledd i godkjende studiar, understrekar han.

Til tross for eit godt resultat er dette framleis på forskingsstadiet, og ikkje ein godkjent behandlingsform. Det er viktig med ytterlegare studiar for å kartleggje behandlinga og sjukdomsmekanismane.   

Pasientane til dei pågåande og godkjente studiane er allereie inkludert. Det er difor ikkje mogleg å ta inn fleire ME-pasientar til studiane ved Haukeland universitetssjukehus.

Ta kontakt med din fastlege dersom du ønskjer meir informasjon rundt behandling av ME. 

 

 Pasienthistoriar

 Pressefoto

Foto: Tor Erik H. Mathiesen
Bilde 1, bilde 2, bilde 3, bilde 4

 Fakta

 
* Forskingsgruppa ved Kreftavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus, har publisert ein pilotstudie om vellukka bruk av B-celle deplesjon (reduksjon) som terapeutisk intervensjon ved kronisk utmattingssyndrom (CFS eller ME) (Fluge & Mella, 2009). 

* Pilotstudien med repetert behandling hos tre pasientar, er den første som skildrar dette behandlingsprinsippet ved CFS/ ME.

* Den radikale symptomforbetringa sett hos dei tre pilotpasientane gir ein sterk indikasjon på at B-lymfocyttane spelar ein viktig rolle i vedlikehaldet av symptoma ved denne kroniske, invalidiserande sjukdommen.  Studien peikar også på sannsynlege mekanismar for utløysing av CFS.

* I samarbeid med Nevrologisk avdeling har forskargruppa også gjennomført ein dobbeltblind, placebo-kontrollert studie av B-lymfocyttdreduksjon med antistoffet Rituximab (Mabthera) hos 30 pasientar, der pasientane vart observerte i minst eitt år etter intervensjonen.

* Resultata viser at behandling med Rituximab er assosiert med klar klinisk respons hos om lag 2/3 av ME pasientane, utan alvorlege biverknader.

* To nye kliniske studiar med Rituximab inklusiv vedlikehaldsbehandling pågår no. 

 Siste nytt fra ME-foreningen

Henter data

 Dokumenter

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo