”Fredrik ” (38) er utdanna jurist. Han er familiemann, aktiv idrettsmann, har leiande stilling i eit stort selskap og mange reisedøgn i året. Heilt til lynet slår ned like før jul i 2004.
|
| Illustrasjonsfoto: Colourbox.com |
Midt under eit jobbmøte, utan forvarsel, fell Fredrik av stolen.
– Det var noko som skjedde i hovud og kropp, seier han.
– Eg kjende meg forferdeleg kvalm og vart ubegripeleg svimmel. Det var ein total mangel på energi, eg klarte verken reise meg eller snakke.
Fredrik er sikker på at han skal døy.
– Det var litt slik som folk seier, at livet passerer revy.
På sjukehuset vert anfallet først sett på som hjarteinfarkt, men det er ikkje noko gale med hjarta. Andre delar av kroppen vert undersøkt, men legane finn absolutt ingenting.
Ikkje hatt tilbakefall
Dette er det første av ei rekkje liknande anfall for Fredrik. Han kan vere litt betre nokre dagar, så kjem det tilbake. Det er til slutt Harald Nyland ved Nevrologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus som stiller diagnosen ME.
Fredrik har innfunne seg med at han aldri blir frisk når han i 2008 vert med i Mella og Fluge sin studie. I dag er han ein av to pasientar som ikkje har hatt tilbakefall etter Rituximab-infusjonen, og han har vore i full jobb igjen som jurist i eitt år.
Tilbake i januar 2005 er situasjonen ein heilt annan. For Fredrik er livet totalt forandra.
– Eg var 100 prosent ute av jobb frå første stund. Eg var også ute av stand til å gjere noko heime, til å leike med gutane mine. Eg levde med store kroniske smerter, og orka ikkje sjå lenger enn ein dag om gongen. Tanken på at dette skulle vare lenge, var uuthaldeleg. Heldigvis stod sambuaren min ved sida mi.
Vart tatt på alvor
Fredrik trur det aktive livet og fråværet av ein tidlegare sjukehistorie medverka til at han vart tatt så seriøst som han gjorde.
– Eg veit at mange har følt seg stigmatisert, at dei ikkje har blitt tatt på alvor med denne lidinga. I tillegg har det vorte sagt, skrive og meint mykje rart om ME.
Denne stigmatiseringa, kombinert med juristjobben
han no har, er årsaka til at han ikkje ønskjer å stå fram med fullt namn og bilete.
– I mitt yrke skal ikkje teikn på svakheit førekomme, spesielt ikkje i retten. Det føregår eit spel, og sjukdom kan bli brukt mot deg, forklarar han.
Nytt perspektiv
Jobben har alltid betydd mykje for Fredrik. Då han skulle søkje jobb igjen våren 2010, var det ingen som ville tilsetje han direkte. Arbeidsavtalen på arbeidsplassen der han er no, er tilrettelagt gjennom NAV. Om det skulle kome ein ny sjukemeldingsperiode, tar NAV seg av sjukepengane. Og om det skulle bli litt mykje i ein periode, kan Fredrik ta ein dag eller to for å førebyggje.
– Sjefane mine veit bakgrunnen min, men resten av kollegaene veit berre at eg har spesiell tilpassing – ikkje kvifor. Eg har ikkje hatt noko behov for å snakke om dette med alle, seier han.
Han understrekar samstundes at han ikkje har følt dette som eit fall frå toppen av arbeidslivet sine tindar.
– Eg har ikkje behov for å gå tilbake til så mange reisedøgn i året. Ein kan kanskje seie at eg har fått eit litt sunnare perspektiv på dette med arbeid etter sjukdommen.
Det viktigaste for Fredrik no, klisjé eller ikkje, er familielivet. Og det at han er trygg i forhold til helsa.
– Viss eg kan ha det slik som eg har det i dag, er eg ekstremt lukkeleg.
Publisert
15.09.2011 15:21 |
Endret
19.10.2011 20:48