Behandling av brannskadar kan vere kompleks og krev personale med brei kompetanse innan fleire fagfelt. Når ein ny pasient kjem inn står eit tverrfagleg team klart til å ta imot.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
|
| Mottak av ny pasient ved Brannskadeavsnittet. |
Eit døgn per prosent skade
Nye pasientar blir tatt i mot på badet. Bandasjane blir fjerna og såra vaska med såpe og vatn. Laus hud blir fjerna og kirurgentar stilling til kor djup skaden er og kor stort omfang den har. Sårbehandling er smertefullt og pasientane treng vanlegvis narkose for å tåle smertene.
|
|
|
Pasienten får narkose under
større sårstell
|
– Med barn er vi spesielt konservative når det gjeld operasjon. Dersom det er tredjegradsforbrenning opererer vi vanlegvis innan tre dagar. Elles ventar vi og ser korleis det ser ut etter berre sårbehandling i 14 dagar, seier overlege og plastikkirurg Bjørn E. Rosenberg.– Erfaring tilseier at pasientar med stor brannskade er innlagt i om lag eit døgn per prosent skada kroppsoverflate, fortel Rosenberg.
Hudtransplantasjon
Dei fleste brannskadar innlagt på Brannskadeavsnittet krev stor og omfattande kirurgi, gjerne i fleire omgangar. Ved operasjon skjer ein bort daudt vev og dekker såra med hud. Huda blir hausta frå eit område med heil hud og flytta over.
Dersom pasienten ikkje har nok eiga hud til å dekke såra kan ein i ein periode dekke med bandasjar/salve eller hud frå dyr eller andre menneske.
– Dette vil alltid berre vere ei midlertidig løysing, og alle sår må til slutt dekkast av pasienten si eiga hud, understrekar Rosenberg.
I gjennomsnitt blir 65 pasientar overflytta til Brannskadeavsnittet kvart år. I 2009 har det vore utført 165 operasjonar av brannskadepasientar på Sentraloperasjonen og 69 inngrep på Brannskadeavsnittet.
Det betyr at fleire pasientar er operert mange gongar, og nokon få ikkje er operert i det heile tatt.– Dei aller fleste pasientane blir operert, og dei treng som regel fleire inngrep, seier Rosenberg.
Tverrfagleg
Brannskadeavsnittet har eit tverrfagleg behandlingsteam med plastikkirurg, anestesilege, spesialsjukepleiar, sjukepleiar,fysioterapeut, sosionom, barnepsykiater, psykolog og prest. Det kan òg vere nødvendig å inkludere spesialistar frå andre fagfelt.
Publisert
15.12.2011 10:23 |
Endret
15.12.2011 10:26