
Du kan følge oss på: Facebook, twitter, flickr eller vimeo
Kvifor er vi i sosiale media?
I følgje Staten sin kommunikasjonspolitikk skal elektronisk kommunikasjon vere den primære kanalen for dialogen mellom innbyggjarane og offentlege verksemder.
Sosiale media er ein enkel og effektiv måte for sjukehuset å kommunisere direkte med publikum. Det er viktig for oss å være tilstades på dei kommunikasjonsarenaene der vi når målgruppene våre.
Kva vil vi oppnå?
Blant anna forsterke effekten av eksisterande kanaler vi har for å nå ut til både offentlegheita og våre eigne tilsette.
Styrkje muligheiten til å formidle informasjon om både pasientbehandling, forsking og sjukehuset som arbeidplass.
Korleis?
Kommunikasjonsavdelinga har hovudansvaret for sjukehuset sine offisielle aktivitetar i sosiale medier.
Oppgåvene er overvake, lage innhald, samtale og kommunisere på vegne av sjukehuset gjennom:
- Aktiv dialog / relasjonsbygging / kulturbygging
- Eigen nyheitsformidling
- Vidareformidle tema andre medier har produsert
- Rekruttering
- Krisekommunikasjon
- Arrangementsinformasjon
- Løfte fram aktuelle tema
Kommunisere med oss
Hugs å la være å publisere helseopplysningar eller sensitiv personinformasjon til oss i sosiale medier. Vi kan ikkje svare på slike spørsmål verken i e-post eller sosiale medier. Les meir