Nevrologen post 3 på Haukeland fekk tysdag ein nydelig quilt frå quilteklubben «Knutepunktet».
Kjersti Oterhals frå quilteklubben og hjelpepleiar Aud Lillian Grimen viser fram den flotte gåva.
- Teppet skal hengje i daglegstova vår her i Gamle hovedbygg, seier avdelingssjukepleiar Janne Halvorsen.
På vegne av både tilsette og pasientar takka ho så mykje for den flotte gåva då Kjersti Oterhals frå quilteklubben overrekte teppet tysdag.
Mønsteret i quilten er sett saman av ei quiltblokk som er kalla «villblomst», i sterke og klare fargar.
Quilteklubben som har laga teppet består av Kjersti Oterhals, Marianne Bucher-Johannesen, Bente Høgh og Anne Marie Bottolfsen.
- Desse damene er ivrige og dyktige quilitarar som har laga mange tepper til blant anna Barneklinikken og dei nyfødde der. Damene møtest ein gong i månaden og i fjor haust begynte dei på det nydelege teppet vi har fått, fortel Halvorsen.
Publisert
19.06.2012 13:55 |
Endret
26.06.2012 14:07