Samarbeid og samhandling innan rusfeltet

Vil ha samanhengande tenester 

Haukeland universitetssjukehus og Bergen kommune er i ferd med å bli einige om rollefordeling og behandlingstilbod på rusfeltet. Det viste samhandlingskonferansen torsdag.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 



– Stikkordet er samanhengande tenester, seier avdelingsdirektør ved Avdeling for rusmedisin, Ola Jøsendal.

– Det ønskjer alle partar, og her snakkar alt første- og andrelinjetenesta godt saman.

Samhandlingskonferansen torsdag hadde fokus på kommunale tiltak og LAR-behandlinga. Frå Bergen kommune si side var det gjennomgang av både kommunen sine strategiar for oppfølging av rusmiddelavhengige pasientar, akuttposten ved Bergen legevakt og Helse- og sosialfaglig akutteam (HSA) ved Strax-huset som er oppretta i tilknyting til akuttposten. I tillegg stod LAR sentra i Bergen kommune på programmet.

LAR behandling var også tema for to av Avdeling for rusmedisin sine innlegg. Sist men ikkje minst tok Jøsendal for seg alle Avdeling for rusmedisin sine oppgåver.

– Det er mange som har etterlyst ein gjennomgang av kva Avdeling for rusmedisin er, fortel Jøsendal.

Frå å vere ei avdeling med tre seksjonar og 10 tilsette i januar 2010, har avdelinga for lengst tidobla talet på tilsette og i løpet av våren 2012 skal seksjon 12 vere på plass. 

– Vi har vakse utruleg fort, konstaterer Jøsendal.

– Og det er eit enormt behov for at samarbeidspartnarane våre skal få vite status. 

 


Publisert 28.03.2011 10:45 | Endret 28.03.2011 10:59 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo