Viktig Lommerus 

Pasientar som bruker mykje rusmiddel får oftare sjukdommar og skader enn andre. Eit lite hefte kalla Lommerus skal gjere tilsette ved Haukeland universitetssjukehus betre rusta til å behandle desse pasientane.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 

Det er overlege Svein Skjøtskift og medarbeidarar ved Avdeling for rusmedisin som har laga Lommerus.



Manglar kunnskap
– Mange av våre tilsette manglar kunnskap når det gjeld behandling av pasientar som bruker mykje rusmiddel. Det gjeld til dømes kunnskap om samanhengen mellom rusmiddelbruk og sjukdom/skade og om samhandlingar mellom rusmiddel og legemiddel. Det gjeld òg ferdigheiter i korleis snakke med pasientane om endring, seier Skjøtskift.

– Det er ein tankekross når vi veit at mange pasientar gjennomfører i alle fall midlertidige endringar i rusmiddelbruk viss dei får god informasjon om kor viktig dette kan vere.

Nyttige verktøy
Ifølgje Skjøtskift er Lommerus eit skritt på vegen til å betre kompetansen på dette området. Det er eit lite hefte som prøver å dekkje eit stort kunnskapsfelt på nokre få sider.

– Informasjonen representerer naturleg nok berre oversiktskunnskap på nokre kjernepunkt, men du kan finne tips om utfyllande lesestoff i heftet, seier Skjøtskift.

Lommerus har òg ei samling nyttige verktøy – spørjeskjema, intervjuguidar og nedtrappingsskjema - som kan vere til hjelp i behandlinga av pasientar med rusrelaterte helseproblem i sjukehus.

Elektronisk og papir
Lommerus er tilgjengeleg elektronisk, og kan skrivast ut.  Den elektroniske utgåva vil bli oppdatert jamleg. Avdeling for rusmedisin vil òg få trykt opp eit avgrensa opplag av papirutgåva i lommeformat (A5), som ein kan få ved å vende seg til avdelinga.


Publisert 13.09.2010 12:55 | Endret 14.09.2010 08:29 

 Publisert av eining

 Relaterte lenkjer

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo