Sommarvikaren

Vaktar sjukehuset 

Denne mannen går vaktrunda og brannrundar, held dører låste både inne og ute og hjelper både tilsette og pasientar om noko uventa plutseleg skulle skje. Du kan føle deg trygg  på Haukeland i sommar.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

 
Det står «vekter» på brystet hans, men Erik Berg (20) er framleis under opplæring i Hospitaldrift Sikkerhet. Likevel ber han uniformen med autoritet, og har eit vake blikk for alt som rører seg rundt han.

Action på jobb
- Noko av det mest spennande med jobben er det uventa, at det plutseleg kan skje noko som du ikkje kunne spå på førehand, seier han.

Han viser til innbrotet på Helse Vest IKT sist veke som eit eksempel.

- Sjølv om mykje av jobben er rutineprega, veit du aldri kva dagen bringer. Det er stor variasjon i arbeidet. Det likar eg.

Til vanleg er Berg lærarstudent, snart på andre året. Før det gjekk han eitt år på Fredly folkehøgskule i Skaun i Trøndelag, på linja «Security». Målet med linja er å gi elevane eit utvida perspektiv på sikkerheitsyrket gjennom kurs, praksis og ekskursjonar.

- Vi hadde blant anna vaktoppdrag på ein del arrangement, fortel Berg.

Anna kvardag
Sommarjobben på Haukeland er første betalte jobb som vektar. Når sommaren er over skal han halde fram som ringevikar ved sida av studiane. Og når studiane er over?

- Planen er å jobbe som lærar, seier han. Og smiler.

- Men det er jo fire år fram i tid, så kven veit.

Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at kvardagen i Hospitaldrift sikkerhet er noko heilt anna enn kvardagen i eit klasserom.

- Vi går låserundar, vaktrundar  og brannrundar, vi sikrar bygga utvendig, vi betener parkeringstelefonen på kvelds- og nattetid, vi responderer på mistenkeleg oppførsel på sjukehusområdet, vi  bistår dersom avdelingar treng hjelp med utagerande pasientar og vi går vaktrundar – blant anna. Det er mange ulike arbeidsoppgåver, fortel Berg.

Godt miljø
I tillegg til den store variasjonen i arbeidsoppgåver, er Berg glad for den sosiale delen av jobben. Både pasientkontakten, og det gode miljøet på avdelinga.

- Det er mykje humor og latter her, sjølv om det kan vere tøffe kvardagar innimellom, seier han.

- Noko av det beste med jobben trur eg vil vere samhaldet med karane.

 


Publisert 10.07.2012 11:25 | Endret 10.07.2012 11:32 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo